Luftfoto leirplassen

Kvinne- og Mannshelg

Til hausten vert det Mannshelg på Lyngmo - for heile regionen.

(Kvinnehelga er diverre avlyst)

Sommaren er mest familietid. Men når hausten kjem, får kvinnene og mennene kvar si eiga frihelg. Dette året vert helgene på Lyngmo Ungdomssenter, som ligg vakkert til ved Hafslovatnet.

Helgene har eit rikt program som det er verdt å få med seg. 

Både frå Bergensområdet og frå Nordfjordeid er det lett å ta bussen, den går ganske parallelt med det du elles ville kjørt bil. Ta kontakt med regionkontoret om du treng meir info.

Kvinnehelga (18.-20. september) er diverre avlyst. Dei har med seg Rollaug Waaler og Astrid Byrknes som talar og syng.

Mennene si helg er 30. oktober-1. november. Ketil Jensen talar og Krinsmannskoret vert med og syng.

 

Her kan du lasta ned program for Mannshelga.
For meir info og påmelding, gå til Mannshelg.