Menn rundt bord i matsal

Mannshelg

Bli med på ei inspirerande helg ved Hafslovatnet, med bibeltimar, foredrag, samtalar og aktivitetar.

Velkomen til ei helg med påfyll for trua, livet og tenesta.

Ketil Jensen, leiar for Misjonssambandet Norge, held bibeltimane.

Laurdag kan du ta på arbeidstøy og bli med på dugnad – eller turtøy og gå ein tur - eller redningsvesten og padle på Hafslovatnet –eller vera med Per Hilleren til barndomsbygda Veitastrond – eller berre slappe av.

Per Hilleren fortel om livet som organisasjonsmann og bonde mellom høgfjell og fjord, med robot-mjølking og økologiske utfordringar.

Sjå heile programmet (som kan lastast ned og delast ut) her.

Det vil verta fellesreise frå Bergensområdet, anten minibuss (ca kr 450 pr pers) eller samkjøring med privatbilar.

Påmeldinga opnar 15. august, kjem lenke her.

Tidspunkt

Fredag 30. oktober - søndag 1. november 2026

Adresse

Lyngmo 21, 6869 Hafslo