Mann sitter på fjellvidde og ser utover majestetisk landskap med fjell og fjord

I desse siste dagar

Å stirra nedfor seg og berre rekna med det ein ser og har til rådvelde, ligg så nær for oss. Men då gjer me som heidningane! Me må rekna med Gud i stort og smått.

På lemmen heime, i eit trongt skråkammers, kom eg i unge år over nokre gamle og falma utgåver av Kineseren og Utsyn. Av alt augo for over hugsar eg berre orda, «Syt ikkje, men bed og ten». Det var overskrifta på ei nyårshelsing i 1942, signert Tormod Vågen.

Tida var prega av krig, ufred og mykje uvisse, og misjonsvennene lurte nok på korleis det ville gå med seg og sine, med land og folk og med arbeidet i Kina og i Noreg. I denne uoversiktlege og usikre situasjonen valde generalsekretæren å løfta fram verdien av ein bibelsk fundert, praktisk og jordnær kristendom.

 

Nok å uroa seg over

Eit lite, usynleg virus trugar liv og helse, vitale samfunnsfunksjonar og i grunnen heile måten me har innretta oss på. Klimakrisa er ein annan fare som lurer. Mange er også forskrekka over utviklinga i Amerika. Andre igjen er mykje ottefulle for den moralske oppløysinga.

På privaten kan det vera helseproblem, utfordringar i familien, arbeidsløyse, økonomiske vanskar m.m. Veik tru og liten iver i tenesta kan ein også kjenna på. Det er mest ikkje grenser for kva som kan trykka oss ned.

Kanskje ligg du, som profeten Elias under gyvelbusken i «din» ørken, og veit korkje ut eller inn? (1 Kong 19)

 

Syt ikkje

Denne oppmodinga er det fyrste punktet til Vågen. I den store talen i Matteus 5–7 kom Jesus inn på dei grunnleggande behova for mat og klede. Dei var reelle og viktige nok. Samstundes vende han blikket til læresveinane mot «Far dykkar i himmelen» – kva han i si allmakt og skaparmakt var i stand til.

Å stirra nedfor seg og berre rekna med det ein ser og har til rådvelde, ligg så nær for oss. Men då gjer me som heidningane! Me må rekna med Gud i stort og smått.

«Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt», sa Jesus. Bibelen talar om å sitja i skjul hjå «Den høgste…i skuggen av Den veldige». Han bergar jamvel «frå pest som legg øyde». (Salme 91)

 

Bed

Det andre punktet var bøn. Med barneretten fylgjer bøneretten. Å be er å lukka Jesus inn i si naud, er det sagt. Bøn handlar ikkje om dei mange fine orda, men om å koma enkelt og endeframt med det ein ber på. Den kjende innbydinga i Matteus 11, «Kom til meg alle som slit og har tungt å bera», står framleis ved lag.

Som misjonsfolk har me mykje å be om. Noko av det viktigaste er dette: «Grøda er stor, men onnefolka få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda.» (Matt 9)

I den spesielle tida me opplever må me også be mykje for landet, folket og styresmaktene våre, ja, for heile verdssituasjonen.

 

Ten

Gud frelste oss, og så kalla han oss til teneste. Me fekk plassen vår i NLM – ein stad, ein samanheng, der tru og kall kan levast ut.

Ein tenar tek ikkje så stor plass. Det blei med den eine talenten for dei fleste av oss. Men lat oss bruka den med «truskap, flid og villigheit».

Bibelen talar om å gjera kall og utveljing «fast». (1 Pet 1,10) Me skal ikkje fyka frå det eine til det andre, men tena i det stille der Gud har sett oss.

 

I desse siste dagar

«Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidelegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre sida av Majesteten i det høge. Slik vart han så mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.» (Heb 1,1–4)

 

Lars Gaute Jøssang

Gjesteblogger nlm.no