Mange hender på trestamme

Ledige stillingar på Lyngmo Ungdomssenter

Lyngmo Ungdomssenter har 3 ledige stillingar: Dagleg leiar – Drifts- og adm.arbeidar – Kjøkkenmedarbeidar.

Lyngmo Ungdomssenter AS er Indremisjonsforbundet (ImF) og Misjonssambandet vest sin leirstad på Hafslo i Sogn. Lyngmo er ein veldriven leirstad med stor aktivitet og sunn økonomi. Oppdraget vårt er å drive leirarbeid og andre kristne arrangement for barn, ungdom, familiar og vaksne. Sommardrifta med Lyngmo Gjestehus og Camping, samt utleige til konferansar og selskap er viktig for å finansiere den ideelle drifta. Lyngmo har blitt bygd ut i fleire omgangar etter oppstarten i 1965; hovudbygg i 1989, internat i 2004 og ny fløy med rom, gymsal og sanitær til campingplassen i 2016. Dei tilsette vert ein del av Team Lyngmo, som er eit fellesskap av 7 fast tilsette, ca. 15 sommarvikararar og mange gode dugnadshjelparar, som totalt bidreg med 4 – 5 årsverk. Dette fellesskapet av tilsette og dugnadspersonar arbeider saman for at me skal nå lengst mogleg med oppdraget vårt med å dele evangeliet med nye generasjonar!

På grunn av avgang med pensjon og overgang til andre oppgåver treng me fleire nye tilsette i løpet av året.

Oppgåvene i dei ulike stillingane kan til ein viss grad kombinerast og tilpassast søkar sine interesser og eigenskapar.

Det er moglegheit for tilsette til å leige personalbustad på Lyngmo.

  

Me søkjer for fast tilsetjing:

 

Dagleg leiar

100 % fast stilling

Oppstart: Etter avtale og med overgangsperiode med noverande dagleg leiar.

Dagleg leiar har hovudansvaret for den daglege drifta på Lyngmo og har ansvar for å leie tilsette og dugnadspersonar i eit godt arbeidsmiljø! Stillinga er variert med drift, administrasjon og vertskapsrolle for gjestene.  Det er gode moglegheiter for personleg vekst og for å bidra til vidare utvikling av Lyngmo.

  • Styrearbeid og personalleiing
  • Administrasjon og økonomisk oversikt
  • Vertskap for gjestene våre
  • Oppfølging og utvikling av eigne arrangement og ansvar for ekstern utleige
  • Drift og vidareutvikling av bygningsmasse.

  

Drifts- og administrasjonsarbeidar

60 – 100 % fast stilling

Oppstart: Etter avtale.

Stillinga er variert med drift, administrasjon og vertskapsrolle for gjestene. Det er gode moglegheiter for personleg vekst og for å bidra til vidare utvikling av Lyngmo.

  • Oppfølging og utvikling av eigne arrangement og ansvar for ekstern utleige saman med dagleg leiar
  • Vertskap for gjestene våre
  • Utvikling og drift av Lyngmo Gjestehus og Camping
  • Oppfølging av IT, booking- og kassesystem
  • Oppfølging av bygningar og uteområde. Organisering i samarbeid med vaktmeister og dugnadspersonar.
  • Oppfølging av HMS-systema

  

Kjøkkenmedarbeider

30 – 60 % fast stilling

Oppstart: Etter avtale.

Me lagar og serverer mat til kvardag og fest og ønsker å servere «god og tilpassa mat for alle». Vertskapsrolla og møtet med gjestene er viktig!

  • Matlaging og opprydding i samband med arrangement.
  • Leiing av dugnadsmedarbeidarar og samarbeid med desse.
  • Oppfølging av IK-Mat systemet
  • Delta i anna drift med utleige, selskap og Lyngmo Gjestehus og Camping
  • For den riktige personen kan det i tillegg være aktuelt med administrasjon, menyplanlegging og bestilling

 

Gjeld alle stillingane:

Spesielt for stillingane (gjeld alle)

  • Det er varierte arbeidsoppgåver. Oppgåver og arbeidsmengde vil variere gjennom året.
  • Det må påreknast noko arbeid på kveld og helg knytt til arrangement-, kjøkken- og sommardrift.
  • Oppgåvene i dei ulike stillingane kan til ein viss grad kombinerast og tilpassast søkar sine interesser og eigenskapar.

     

Kvalifikasjonar

  • Evne til å jobba aleine men også i team. Bygge team ved å hjelpe og støtte kvarandre i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Evne og kapasitet til å stå på i hektiske periodar.
  • Personlege eigenskapar og egnethet vil bli vektlagt
  • Ønske om relevant utdanning og/eller erfaring innan administrasjon/økonomi (gjeld ikkje kjøkkenstillinga)
  • Språk: Tydeleg og god i norsk munnleg og skriftleg. (Ønskeleg, men ikkje krav for kjøkkenstillinga)
  • Ønskeleg med god forståing og erfaring frå databruk (gjeld ikkje kjøkkenstillinga)

      

Til slutt (gjeld alle)

Den tilsette er formelt tilsett av Lyngmo Ungdomssenter AS og har fast arbeidsstad på Lyngmo.

Me føreset at søkar bekjenner den kristne trua og kan identifisere seg med Lyngmo og eigarane sine føremål og verdiar i samsvar med Lyngmo sitt verdidokument.

Me føreset at søkar kan legge fram gyldig politiattest.

Lønn etter Lyngmo sitt regulativ.

  

For spørsmål eller informasjon kontakt leiar for tilsettingskomiteen:
Sondre Orrestad,
s.orrestad@imf.no, tlf 482 89 762

Heimesida til Lyngmo: www.lyngmoinfo.com

 

Søknad, CV og referansar kan sendast til s.orrestad@imf.no

   

Søknadsfrist: 1. juli. Søknader vert handsama fortløpande.

Oppstart: Etter avtale

 

Personopplysninger

Norsk Luthersk Misjonssamband er behandlingsansvarlig for de personopplysningene du sender inn i søknaden din, jf. personvernforordningen artikkel 4.

Når du søker på en stilling, samtykker du til at vi registrerer og samler inn de personlige opplysningene du gir oss i søknaden din i rekrutteringsprosessen, jf. personvernforordningen artikkel 6. Hvis du oppgir personopplysninger som sier noe om din religion, avgir du med dette et spesifikt samtykke til at vi kan behandle dine særlige kategorier av personopplysninger, jf. personvernforordningen artikkel 9.

Vi beholder dine personopplysninger til rekrutteringsprosessen er avsluttet, for deretter å slette all informasjon om deg om ikke annet er avtalt med et nytt samtykke.

Du kan be om innsyn i de personopplysninger Norsk Luthersk Misjonssamband har om deg. Du kan også be om at vi retter ukorrekte opplysninger eller sletter informasjon om deg. Du har når som helst mulighet til å trekke tilbake samtykket til at vi behandler personopplysningene dine i en rekrutteringsprosess. Dette kan gjøres ved å kontakte oss på e-post. Vi kommer da til å fjerne søknaden og slette personopplysningene som er forbundet med søknaden fra rekrutteringssystemet.

 

  Ved å sende inn din søknad:

    1. Erklærer du at du har lest, forstått og akseptert retningslinjene ovenfor.
    1. Erklærer du at opplysningene i søknaden din er fullstendige og riktige.
    1. Samtykker du til behandling og ivaretakelse av de innsendte opplysningene.

Mer informasjon om hvordan vi behandler dine personopplysninger finner du i vår personvernerklæring her.