Vannballonger

5.-7. klasseleir

Velkomen til haustleir på Skilbrei. Vi er ein gjeng med leiarar som gler oss til å treffe akkurat deg!

Ein leir på hausten består av møte, aktivitetar, leik og mykje moro.

Det blir ute- og inneaktivitetar alt etter veret.
På leir høyrer vi spennande forteljingar frå Bibelen, vi håpar du får nye leirvenner, kiosken blir open og vi skal ha kosekveld med underhaldning.

Pakkeliste:
Toalettsaker, pysj, laken, putetrekk og sovepose eller dynetrekk, Bibel, passande kle og sko til ulike vertyper, innesko og masse godt humør!

Du kan også ta med pengar til kiosk (maksbeløp vert kommunisert i brev med ulik info ca ei veke før leirstart).
Det vil vera muligheit til å gje ei gåve til UngGlobal (tidlegare Barnas Misjonsprosjekt).

Ta ikkje med:
Energidrikk, eksterne høgtalarar, PC og andre liknande verdisaker. Vi anbefalar at borna ikkje tek med mobiltelefon, då vi har opplevd misbruk og tjuveri av desse ved tidlegare anledningar.

Vi ønskjer at leirane våre skal vera inkluderande, sosiale samlingar der vi ser kvarandre, og brukar tid saman. Difor frårår vi bruk av mobil på våre leirar. Deltakarane kan kontaktast ved å ringa leirplassen eller leirsjefen. Barna får sjølvsagt ringa heim om dei ønskjer det.

Pris kr 950,-

Leirklubbrabatt: kr 100,-. Medlemskap i leirklubben: kr 100,- pr kalenderår.
Prisen vil stiga frå og med sju dagar før oppstart av leiren

I påmeldinga spør vi om allergiar og om det er spesielle utfordringar eller særlege behov for hjelp/tilrettelegging. Dette er verdifull informasjon for oss, slik at vi kan legge best muleg til rette for deg!

Har du spørsmål om leiren, ta kontakt med regionkontoret, tlf. 5590 4800, e-post: vest@nlm.no

Tidspunkt

Fredag 13. - søndag 15. september 2024

Adresse

6975 Skilbrei