To jenter tegner

2.-4. klasseleir

Velkommen til haustleir på Skilbrei!

Ein leir om hausten består av møte, aktivitetar, leik og mykje moro.

Det blir ute- og inneaktivitetar alt etter veret.

På leir høyrer vi spennande forteljingar frå Bibelen, vi håpar du får nye leirvenner, kiosken blir open og vi skal ha kosekveld med underhaldning.

Vi er ein gjeng med leiarar som gler oss til å treffe akkurat deg!

Ta med:
Toalettsaker, pysj, laken, putetrekk og sovepose eller dynetrekk, Bibel, passande kle og sko til ulike vertypar, innesko og masse godt humør!

Du kan også ta med pengar til kiosk (maks-beløp vert kommunisert i brev like før leiren).

Det vil vera muleg å gje ei gåve til Ung Global (heitte tidlegare Barnas Misjonsprosjekt).

Ta ikkje med:
Energidrikk, eksterne høgtalarar, PC og andre liknande verdisaker. Vi anbefalar at barna ikkje tek med mobiltelefon, då vi har opplevd misbruk og tjuveri av desse ved tidlegare anledningar.

Me ønskjer at leirane våre skal vere inkluderande, sosiale samlingar der vi ser kvarandre og brukar tid saman. Derfor frarår vi bruk av mobil på våre leirar. Deltakarane kan kontaktast ved å ringe leirsjefen. Barna får sjølvsagt ringe heim om dei ønskjer det.

Pris kr 850,-

Leirklubbrabatt: kr 100,-. Medlemskap i leirklubben: kr 100,- pr kalenderår (betalast ved årets første leir).

Prisen vil stige med kr 100,- frå og med sju dagar før oppstart av leiren.

I påmeldinga spør vi om allergiar og om det er spesielle utfordringar eller særlege behov for hjelp/tilrettelegging. Dette er verdifull informasjon for oss, slik at vi kan legge best mulig til rette for deg!

Har du spørsmål om leiren, ta kontakt med regionkontoret, tlf. 55904800, e-post: vest@nlm.no

Tidspunkt

Fredag 18. - søndag 20. oktober 2024

Adresse

6975 Skilbrei