Musikkgruppe

Japan var andrevalet mitt

UTSENDINGEN: Bli betre kjent med Inger i Japan.

INGER VALBØ

Utsending

Kvar: Matsue, Japan

Alder: 55 år

Hovudoppgåver: Områdearbeidar i Sanin distrikt, ungdomsarbeid, musikk, forkynning og engelske bibelgrupper

Sivilstatus: Singel

 

Kor lenge har du budd i Japan?

– Eg vart plassert i Japan då eg gjekk på misjonsskulen i 1990–91 og er nå ute i femte periode. Eg kjende ikkje kall til noko spesielt land, men tenkte at kanskje Gud ville sende meg til Etiopia. Difor skreiv eg Etiopia som første ønske og Japan på andreplass. Etter at hovudstyret hadde plassert meg i Japan, sa mor mi at ho allereie visste at eg skulle til Japan. Og her er eg framleis.

 

– Kva er dei største skilnadene på Japan og Norge?

–  Kultur, religion og språk er sjølvsagt veldig forskjellig. Det er få kristne her og buddhisme og shintoisme står framleis sterkt, men folk er stort sett positive til kristendommen. Ein annan stor skilnad er synet på arbeid og ferie. Japanarane jobbar lange dagar, og mange har nesten ikkje ferie.

 

– Kva held du på med denne veka?

– Eg har nettopp avslutta to dobbelttimar i musikk på bibelskulen i Kobe, der eg vikarierer nokre månader.

På fredag skal eg ha to engelske bibelklasser, ein for heimeverande husmødre og ein for studentar.  Elles må eg snart starte førebuinga til den internasjonale gudstenesta neste søndag. Eg er allereie litt seint ute.

 

– Kva er planane framover?

– Eg har byrja å sjå fram til Norges-ferien ifrå slutten av juni, men før den tid skal eg mellom anna tale i fire ulike kyrkjer.

 

– Kva bruker du å gjere når du skal slappe av?

–  Då tek eg meg ein joggetur, eller slappar av i sofaen med ein kopp te og Facebook eller ei bok.  På frimåndagane tek eg gjerne ein liten fjelltur ilag med venner. Eg bur i ein liten by med natur på alle kantar, både fjell og sjø.

 

– Er det eit bibelvers du er spesielt glad i?

– 2 Kor 4,6–7, som eg delte på andakta på bibelskulen i føremiddag.

 

– Er det noko som har gledd deg spesielt i det siste?

– Det var gledeleg at så mange kom på den internasjonale gudstenesta på påskedag. Elles er det ei stor

glede at to studentar som går på Bible Club, ønskjer å bli døypte, og at nye studentar har byrja å kome på Bible Club etter at eit nytt skuleår starta i april.