Korn Japan

Be til haustens herre

LEDER: Å rekruttere medarbeidarar til stillingar i NLM sitt mangfaldige arbeid er ei omfattande og viktig oppgåve. NLM treng stadig nye medarbeidarar.

Og med «verden for Kristus» som mål, ønskjer NLM å rekruttere medarbeidarar med kall, nådegåver og kompetanse.

I Bibelen kan vi lese korleis Moses og Jesu disiplar fekk eit «ytre kall» frå Gud. Moses svara motvillig ja, medan Jesu disiplar sa villig ja.

Tidlegare tok NLM direkte kontakt med den personen ein meinte var den rette til ei stilling med eit «ytre kall». I dag lyser NLM ut alle stillingar offentleg. Det er eit ønskje om å vere open og transparent, og for å nå lenger ut. Stillingsannonsen er ei oppfordring om å vere frimodig å søkje og det er både eit ønskje og ei bøn at nokon kjenner det som eit indre kall.

Etter søknadsfristen er ute, følgjer ei vurdering av søkjarar med intervju og til slutt innstilling. Når så nokon får tilbod om stilling er det eit «ytre kall» frå NLM.

Dessverre hender det at få søkjer på utlyste stillingar. Ein del av rekrutteringsarbeidet vert difor å kontakte potensielle søkjarar for å be dei vurdere å søkje. Mellom anna når det gjeld leiarstillingar på regionnivå har dette har vore tilfelle dei siste åra. Kvifor er det slik?

Kanskje er ei oppmoding om å søkje heilt nødvendig for enkelte for å få frimod til å søkje ei leiarstilling. Eller har ein fått eit inntrykk av at dette er uoverkomelege stillingar der ein må leve med urealistiske forventningar, både til arbeidskapasitet og kva ein kan? Kanskje er det også nokon som tenkjer at ei slik oppgåve har lita betydning.

Regionleiar har saman med ung- og administrasjonsleiar ei nøkkelrolle i NLM sitt arbeid når det gjeld å halde visjonen om å nå menneske med evangeliet levande. Saman med regionstyret er gjer dei prioriteringar og vegval som har betydning for NLM sitt lokale og internasjonale arbeid. Regionleiar både eit strategisk og eit åndeleg leiaransvar. Her høyrer også eit overordna personalansvar for tilsette i regionen. NLM har satsa på vegleiing og kompetansebygging for å utruste og følgje opp våre leiarar slik at dei kan bli trygge og modige i si rolle.

I Hebreerbrevet 13,17 vert Guds folk oppfordra til forbøn for leiarane slik at dei kan gjera si oppgåve med glede. Så minner vi om å vere med å be Herren om å sende arbeidarar til sin haust, og kanskje også vere med å gi nokon frimod til å søkje.