Sætervika utsikt mot sjøen

Sommarfest i Sætervika

Mykje nytt har skjedd i Sætervika. Søndag 16. juni kan du sjå det og få med deg ein flott Sommarfest!

Ting skjer i Sætervika. Møtesalen er pussa opp og "snudd" og Tarzanløypa har vorte ny. No inviterer dei til Sommarfest, søndag 16. juni.

Kl 12.30 er det familiemøte saman med dei som er på Maksleir. Håkon Vinnem har andakt, og leirdeltakarane deltek.

Deretter kan du kjøpa middag og kaffi. Og kanskje ta deg eit bad i sjøen? Eller sjekka ut den nye Tarzanløypa? Eller berre sitja på ein benk og sjå utover den vakre fjorden? Eller nytta aller siste sjanse til å ta lodd i leirlotteriet?

Kl 15 er det møte, med tale og song av Kjell Strømme. Då vert det også trekning av Leirlotteriet.

Hjarteleg velkomen!