Mann sitter trist på sengen

Når eit lem lir

Eg har ein vond rygg for tida.Med rette øvingar, passe med turar i skog og mark, så vert den stadig litt betre. Men denne vonde ryggen påverkar heile meg. Både humør, kapasitet og resten av kroppen.

Denne ryggen er likevel å rekne for ein bagatell når eg kjenner til menneske som har det vondt på heilt andre plan enn ein rygg som ikkje tåler å sitte for mykje. Tanken på desse gjer at eg og kjenner på smerte. Det gjer meg vondt når andre har det vondt, når eg vågar å ta det inn over meg.  

Fylgjer med smerte 

Det å engasjere seg i ein misjonsorganisasjon og eit kristent fellesskap kan bidra til mykje smerte. Det er vel kanskje ikkje den setninga eg oftast seier når eg søkjer å inspirere til å engasjement i vår organisasjon.Det er likevel ein ærleg sak. Det fylgjer smerte med.  

Som mange av dykk er klar over har vi fleire medarbeidarar i regionen vår, frivillige og tilsette, som er ute med sjukdom. Nokon har meir alvorlege plager enn andre, men fleire er tilsidesett og strevar med helsa. Når desse er å rekne som «våre» så gjer det at vi lir med dei.  

Uro og konflikt 

Dei siste åra har organisasjonen og vore prega av uro, konflikt og ueinigheiter. Enkelte ueinigheiter skal og må det vere i ein såpass stor organisasjon for at vi skal kunne drøfte vegval og prioritere på ein god måte. Så vitnar likevel debatten om at her har ueinigheiter i fleire tilfelle gått over i konflikt og då vert det vanskelegare å lytte og forstå for alle partar. Å rope om rettferd og sette grenser er naudsynt, men vi er alle skapt med to auger og to øyrer, fire lemer som ofte vert passive i ein konflikt. Når vi opplever dette, at «våre» stridast så lir vi med. 

Når vi får høyre om menneske som har så vonde erfaringar frå vårt arbeid at det har sett vonde djupe spor i dei og pregar livet deira. Når dei som ikkje berre er våre, men den gang var barn ute i ein annan kultur, lir, då lir vi med. 

Gjer godt 

Er det rett å seie at det gjer godt å sjå andre som får vondt av at du har det vondt? Eg har erfart det slik. Når livet møter oss med all sin smerte, så er det eit uttrykk for kjærleik når nokon lir med. Dette og er misjon, det «utretter» ikkje så mykje, men har uendeleg verdi. 

«No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja.» Apostelen Paulus iKolossarane 1,24