Gaupne bedehus utvendig

Bedehuset vart for lite

I vår tid er det mange bedehus som vert lagde ned, men i Gaupne i Sogn vart det motsatt. I ein fart fekk dei opp eit moderne og tenleg tilbygg.

Luster Familiemøte og KUL, Kristen Ungdom Luster, er begge tilslutta Misjonssambandet og har samlingane sine på bedehuset. Familiemøtet samlar personar i alle aldersgrupper, og har søndagsskule for dei minste og for dei litt større under møtedelen. Til dette vart det for fåe rom i bedehuset, og dei største borna måtte ha søndagsskulen på kyrkjelydskontoret.

Ungdomsklubben, KUL, samlar 15–30 ungdomar, fyrst til fysisk aktivitet i gymsalen på skulen ein times tid, for så å samlast på bedehuset til matøkt, pizza og liknande, andakt og sosialt med spel og konkurranse.

Ny matsal
Ny matsal:Tilbygget er nyttig både for søndagsskulen og servering Torodd Urnes

Gjevarteneste
Tanken om ei utviding av bedehuset vart omsnakka. Det vart laga eit forslag til eit tilbygg på 75 m2, og på årsmøtet i mars 2023 vart det bestemt å gå vidare med planane. Det vart satt ned ei planleggingsgruppe frå bedehusstyret, ungdomsgruppa og familiemøte for å koma med idear og ta vedtak undervegs.

Servering av snittar og kaker
Festservering:Snittar og marsipankaker Torodd Urnes

Byggesøknad vart sendt til kommunen, og det var satt i gang ein kampanje for å samla inn midlar. Eit enkelt overslag viste ein kostnad på 1,6 mill. kr. Finansieringa vart ordna med lån i banken og 30 personar med fast gjevarteneste i tillegg til nokre enkeltgåver.

Kort byggetid
Entreprenør vart vald til bygginga. Mange var positive til å stilla på dugnad, og i løpet av 3–4 månader var tilbygget omtrent ferdig og klart for innflytting. Laurdag 6. april var det opningsfest med cirka 100 personar på ei triveleg markering med andakt, lovsong, blomsterhelsing og servering av snittar og to store marsipankaker.

Me har fått eit moderne og tenleg forsamlingslokale som me er stolte av, og håpet er at bedehuset blir brukt endå meir framover. Det egnar seg godt til utleige for selskap, dåp, konfirmasjon og bursdagsfeiring, men aller mest ynskjer me folk velkomne til det som skjer på bedehuset.