Fem gutar med stor gullsjekk

Sygna i NM for ungdomsbedrifter

Ungdomsbedrifta Disc Detective UB var med i norgesmeisterskapen for ungdomsbedrifter.

Det er berre to år sidan Sygna for første gong deltok i fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter. Dette året deltok fire bedrifter frå Sygna og dei tok med seg til saman ti prisar heim. Bedrifta Disc Detective kom på andreplass i hovudkonkurransen.

Ungt Entrepenørskap, som arrangerer fylkes- og norgesmeisterskapen for ungdomsbedrifter, meinte denne bedrifta burde få ein plass i NM. Difor troppa ein representant opp på Sygna og delte ut ein eigen gullbillett til dei fem elevane i bedrifta.

Produktet Disc Detective skal konkurrere med, er spesiallaga frisbeear med ei sporingsbrikke som skal gjere det lettare å finne att frisbeear som har forsvunne ut i terrenget. Frisbee-golf er ein sport som vert stadig meir populær og mange brukar mykje tid på å leite etter frisbeear på avvegar. Dette problemet vil elevbedrifta frå Sygna løyse.

Les meir om frisbeesporebrikka her. Og her kan du sjå video der dei viser produktet fram. Her finn du nettsida deira.