Inger Marie Paulsen

Misjonsfest og jubileum i "Pikeforeningen Vårdag"

Allehelgensdag feira «Vårdag Misjonsforening» 90 år med ein interessant og stilig fest som samla mange på Eidet bedehus.

For 90 år sidan, i mars 1933, kom 8 unge jenter frå Surnadalsøra på Nordmøre på at dei ville starte si eiga misjonsforeining. Dei eldre kvinnene hadde sine samlingar, men no ville desse 16 – 17-åringane og gjere ein innsats for at «Kinas mange millionar» skulle få ein sjanse til å høyre evangeliet om Jesus på sitt eige språk. Dei valde formann (den første var Åsta Ree ) og kasserar, og desse verva skulle sirkulere kvart år. Seks år etter oppstart viser referatboka at no har medlemstalet vakse til rundt 30 unge damer. Etter kvart ser vi at det blir tilføydd «utflytta» bak somme namn, andre har fått eit nytt etternamn  og bak nokre namn er det teikna ein kross. Det skulle vise at dei har fått flytta heim til Jesus, ofte midt i ungdommens vår.

Heilt fram til i dag har denne foreininga trufast hatt sine månadlege samlingar rundt om i heimane . Etter som åra har gått, har Vårdag fått fleire oppgåver. No har dei også ansvar for alle slags møte på bedehuset; bibelsamlingar, songkveldar, julemesser (arrangert for 50.gong i fjor) mm. Ofte får dei da hjelp av karane i Surnadal Kristelege mannsforening. Ryggrada i arbeidet er likevel dei faste foreiningsmøta. Her er det deling av Guds ord og bøn, song, opplesnad og info om misjonen. Sjølvsagt er kollekt og servering ein del av opplegget. Oppetter åra har foreininga og fått vore med som «sendemenighet» og forbedarar for fleire misjonærar;  Anna Sæther på Taiwan, Marie Sollid i Etiopia, Lars Hals (Japan) og Synnøve Myklebust (Etiopia).

 

Den 5.november i år feira Vårdag 90-årsjubileumpå Eidet bedehus i Surnadal. Storsalen var fint pynta med blomar i haustfargar,. Inger Marie Paulsen, som no er leiar , ønskte velkomen til ein fest som hadde mykje å by på. Anna Sæther hadde ordna ei fin og oversiktleg ppt-opplegg til programmet. Etter vakker song av søstrene Rannveig Gammelsæther og Ruth Solbakk, fekk vi ei god innføring og repetisjon av  historikken til Misjonssambandet frå den første tida på 1890-talet og framover. Ragna Meisingset og Mary-Ann Fiske  hadde eit artig og informativt opptrinn av korleis det kunne ha gått for seg da jentene på Øra fekk ideen om å starte misjonsforeining.

Rannveig og Ruth synger
Anna Sæther

Den nye regionleiaren vår, Steffen Stensland, heldt dagens tale med tekst frå Matt. 5 (Saligprisningane)  , og områdearbeidar Lars Petter Ødegård kom også  med ei oppmuntrande helsing . Til slutt fekk vi gi ei gåve til misjonen, og folk samla seg rundt kaffikoppane til sosialt samver og god servering frå den trufaste kjøkkengjengen.