To menn smiler mot kamera

Region Vest søkjer ny regionleiar

Etter sju år i stillinga som regionleiar, går no Per Byrknes over i andre oppgåver. No er stillinga lyst ut.

Leiar i regionstyret, Steven Rob, er også leiar av innstillingsrådet, som arbeider med å få på plass ein ny regionleiar. Dei ønskjer hjelp frå heile regionen til å finna gode kandidatar til stillinga, og oppfordrar alle om å kome med tips om namn. Send forslag til steven.rob@star-elektro.no innan 20. mars (merk gjerne eposten #regionleiar)

Søknadsfristen er 10. april, sjå meir om stillinga i stillingsannonsen.

Ver gjerne med og sprei annonsen, tips aktuelle personar, og ikkje minst, ver med og be om Guds leiing i denne viktige prosessen.