Oversiktsbilde

Inspirasjonshelg med regionårsmøte

Det skjer mykje flott om våren. Ein fin ting som skjer, er at me kan samlast frå heile regionen til storsamling. Det skjer 21.-22. april.

Denne gongen vert samlinga på Framnes vidaregåande skule (laurdag). Fredag kveld vert det samling i Sætervika, der det også vert overnatting for dei som ønskjer det. Er du kvelds- eller morgonbadar, ligg fjorden rett utanfor døra og ventar på deg.

Ein del av tida vert det årsmøte for regionen. Nokre faste saker, som val av nye styre, høyrer med der. Men vel så viktig er det å få ein god samtale om arbeidet og vegen framover. Her treng me alle stemmer og innspel, ikkje minst di stemme. Alle lag, foreiningar, grupper og forsamlingar kan senda sine utsendingar, jo større lag, jo fleire utsendingar. Nytt sjansen til å dela dine visjonar, og få med deg inspirasjon tilbake.

Nytt av året er at det ikkje vert fellessamling søndag. I staden vert det samlingar rundt omkring i dei ulike forsamlingane.

Barn og unge

Parallelt med samlingar for vaksne vert det også eigne samlingar for barn og ungdom. Følg med på nettsida og neste regionUtsyn for meir informasjon.