
Velkommen til dagsleir 23. april!
Dette er ein leir for førskulebarn og 1.klassingar med følge. På dagsleir får ein oppleve leirlivet med samlingar, aktivitetar, leirkveld og nye vener.
Barna som kjem må ha med seg ein vaksen dei kjenner som er med heile dagen og deltek i programmet.
Det vert aktivitetar både ute og inne, kiosk, tid til fellesskap og barna får bli kjent med kjekke leiarar som dei kan treffe igjen på seinare leirar.
På denne leiren skal Cathrine Kvamme Leite og Marta Sortland Leodo være med.
Ta med:
Klær og sko til å være både ut og inne, innesko om ønskelig og masse godt humør!
Du kan også ta med pengar til kiosk, maks kr. 70,- per barn.
Det vil være mulig å gi ei gåve til Barnas Misjonsprosjekt i det Østlige Afrika.
Pris kr 250 per barn og 350 per vaksen.
Leirklubbrabatt er kr 150. Medlemskap i leirklubben kostar kr 100 per kalenderår.
Prisen vil stige frå og med sju dagar før oppstart av den aktuelle leiren
Gje beskjed til oss dersom du har allergiar, spesielle utfordringer eller særlige behov for hjelp/tilrettelegging. Dette er verdifull informasjon for oss og vi vil gjere det vi kan for å legge til rette for deg!