To damer klemmer

Dei unge spurte, dei eldre sa ja

Forsamlinga på bedehuset begynte å eldast. Så kom telefonen frå nokre unge par som spurde om dei kunne få starta noko nytt saman med dei. Dei fekk ja!

Den godt vaksne flokken på under 50 personar har vorte til ei generasjonsforsamling på over 100. Nesttun indremisjon har vorte til Logoskirken, som er med i Misjonssambandet i tillegg til Indremisjonsforbundet.

 

Eit forbilde

Det som har skjedd på Nesttun, bør vera både til glede og til forbilde og inspirasjon for både unge og eldre. Dei unge tok initiativet, og gjekk til bedehuset og fortalte kva dei hadde lyst til. Og bedehuset sa ja, og har omfamna dei unge på alle måtar. I vår hadde dei to «prøvegudstenester», for å visa korleis dei tenkte det nye skulle sjå ut. Småbarna og 80-90-åringane stråla om kapp.

 

Det begynte med eit ungt par frå Salem som gjekk på M4 Ready og mentoren deira, som me skreiv om i februar. Dei fann at dei ville starta noko nytt i bydelen dei budde i, og kontakta Nesttun indremisjon og spurde om dei kunne få starta noko saman med dei. Samtidig var dei tydelege på fleire ting dei ville ha oppfylt dersom dei skulle gå for dette, m.a. om møtestil og at dei ønskjer pastor.

 

Det kunne ha enda der, men gjorde ikkje det. For på Nesttun sa dei ja, og kalla inn til medlemsmøte. Etter eit medlemsmøte til, der også dei unge var med, og eit årsmøte som la ned det gamle arbeidet, kunne dei oppretta eit interimstyre med folk frå begge gruppene. Så var det klart for fellesmøte der dei bestemte namn på forsamlinga. Av ulike forslag vart det fleirtal for Logoskirken.

 

 

Familiane strøymer på

Det begynte med to par, men ryktet spreidde seg og fleire melde seg. Snart trong dei to hender for å telja. Nokre kom frå forsamlingar andre stader, men budde i området, andre hadde gått i forsamlingar før, men av ulike grunnar ikkje no. Ved oppstart i august hadde dei passert 15 unge familiar, og talet veks. I september reiste dei saman til Helgatun på forsamlingshelg.