Joakim og Caroline med sjø og fjell bak

Nye ting spirer fram

Nytenking er ein del av tida me lever i, men ikkje alt har rot i korona. Kan ein gjennom M4Ready sjå starten av friske spirer i arbeidet vårt?

Joakim og Caroline Fiskå flytta til Bergen i 2018 der dei begynte å gå i Salem. Etter kvart vil dei fokusera meir på eit lokalt bedehus. Grunnen er at dei i 2020/21 tok kurset M4Ready (sjå faktaboks). Etter kvar av dei seks modulane hadde dei gode samtalar med mentor, Edgeir Gunvordal.

M4 Ready

Mål: Utvikla leiarar til eksisterande og nytt arbeid. Hjelpa til avklaring av «kvar er min plass?»

Nettkurs: 6 modular/temaområde (10-12 filmar pr modul) og relevante oppgåver.

Møte med mentor etter kvar modul.

Varer: 9 månader.

5 lokale kveldssamlingar, ein nasjonal weekend, frivillig studietur.

NLM betalar delar av kurset.

Ny oppstart i september.

Meir info: https://m4ready.com/norway/

 

Tankar tar form

 

Ein tanke som tok form i løpet av kurset var å gå inn i eit eksisterande bedehus og starte opp nye ting der for å få fleire med. Dei ynskjer å begynne å gå på eit bedehuset lokalt der dei bur. Eit av spørsmåla som dei snakka med mentor om, var kven dei eventuelt kunne gå saman med.

 

Joakim og Caroline har ikkje konkrete planar om kva dei ynskjer å starta. Dei meiner det er viktig å bli kjend med dei som går på bedehuset og finna ut kva behova er. Fokuset på nyåret vil vera å få betre kontakt med 4-5 andre familiar som ynskjer å vera med i replantingsprosessen.

 

Kurset har for Joakim og Caroline blitt ei verktøykasse og gitt dei ei forståing av prosessane i det å starte ei ny forsamling eller eit nytt arbeid. Dei kjenner dei har Salem som ei god støtte og som vil stilla med ressursar.

 

Edgeir Gunvordal
MENTOR:Edgeir Gunvordal var mentor på M4Ready Målfrid Gunvordal

Å finna vegen saman

Edgeir Gunvordal seier at mentor skal stille spørsmål til deltakaren for å få i gang refleksjon gjennom ein disippeltreningsperiode. Dei fekk mange fine samtaler om alt frå kristenliv, familie og menigheitsliv. Samtidig byrjar tankeprosessar i eige liv når ein spør andre. Edgeir seier han ofte gledde seg til samtalane då det var morosame og utfordrande prosessar dei gjekk gjennom saman.

 

M4Ready utfordrar

 

M4Ready er omfattande, kunnskapsrikt og utfordrande. Dei fleste deltakarar vel å ikkje plante forsamling, men alle får eit utbytte som går på kva rolle dei kan ha i arbeidet og bevisstgjering rundt dette, seier Edgeir Gunvordal.

 

Ver gjerne med dei i bøn for vegen vidare.