Tekst Apgj 1,8

VITNE-kortet

For nokre er det å vitna ei heilt naturleg sak. For dei fleste kostar det meir. Vitne-kortet gjev nokre viktige steg på vegen.

Misjonssambandet vart starta fordi nokre ikkje kunne la vera å vitna – folk måtte få høyra verdas beste bodskap. Med tida har dette endra seg.

 

Ei bedehusforsamling såg at dei vart færre og ville koma til å døy ut om dei ikkje nådde ut til nye. Som ei hjelp på vegen laga dei VITNE-kortet, med nokre viktige stikkord.

 

V - Det heile begynnar hjå Jesus, vera hjå han, i ordet hans og i det kristne fellesskapet. Skal me ha noko å gje, må me først få det frå han.

I - Bønn gjer noko både med oss, hjå Gud og hjå den me ber for. I bønn for konkrete menneske kan me også finna muligheiter for å tena dei og samtala med dei.

V I T N E
VITNE-kortet side 2:Hjelpepunkt på vegen NLM

T - Vitnetenesta er mykje meir enn ord. Det me lærer må visast att i handling. Korleis kan me tena nesten vår, visa nestekjærleik og omsorg?

N - Og korleis kan me visa gjestfrihet? – invitera folk inn i heimen og i livet…?

E - «Forkynn evangeliet, om nødvendig med ord,» skal Frans av Assisi ha sagt. Det har til tider vorte tolka som at ord ikkje er nødvendige. Å vitna i ei rettssak er å fortelja kva ein har sett og høyrt. Slik får me og vitna, fortelja om kven Jesus er og kva han har gjort for oss.

 

Kortet har også plass til å skriva nokre namn. Der kan du vera konkret og skriva namn på den/dei du vil be for og hugsa spesielt på i tida framover.

 

Fjelltur

Ein sunnmøring samanlikna evangelisering med å gå i dei bratte Sunnmørsfjella. Stundom kjem du til eit tøft parti der du trur at du ikkje kjem lenger. Men om du klatrar stega som må til for å passera denne, finn du eit nydeleg landskap å vandra vidare i. Slik kan det vera eit stort steg å dreia samtalen inn på det som handlar om ærleg liv og ærleg tru, men vil ofte resultera i gode og meiningsfylte samtalar.

 

Så går me ikkje åleine. Saman med befalinga om å gå ut og vitna, seier Jesus noko viktig: «Eg går med dykk, kvar dag, så lenge verda står.» Dette løftet står fast. Han er med oss når me er heime, gjennom arbeidsdagen, i fritida, over alt. Han vil gje oss det me treng, om me er villige til å la oss bruka av han.

 

Få kort

Vitne-kortet har bokmerkestørrelse. Vil du ha nokre til deg og/eller fellesskapet ditt, kontakt regionkontoret.

 

Tips

Salem Bergen hadde ein taleserie ut frå VITNE-kortet. Høyr gjerne.

Vær – Christian Lilleheim

I bønn - Christian Lilleheim

Tjene - Eivind Sætre

Nær – Gjermund Øygarden

Evangeliet - Christian Lilleheim