Stressless-stol

Trekning av radiolotteriet lørdag 24. april

Radio Nordvest har hatt gåande eit lotteri sidan januar, og no er det snart trekning av gevinstar til ein verdi av over 40.000 kroner. Den store dagen er laurdag 24. april!

Styret for Radio Nordvest hadde planlagt «fysisk basar» i Misjonssalen i Ålesund om mogeleg den 24. april, slik det har vore vanleg tidlegare år. Alternativet har vore å arrangere «digital basar» slik som i fjor, eit arrangement som blei veldig vellukka. No viser det seg at ingen av desse to alternativa er mogeleg. Koronarestriksjonane sett stoppar for fysisk basar, og det er ikkje lenger lov med digital basar. Kva gjer vi så?

Styret bestemde sist måndag at vi går for eit digitalt møte laurdag 24. april der vi vil foreta trekning av radiolotteriet. Så det kan du følgje med på via Facebook eller YouTube. Radio Nordvest har dessutan radiosending laurdag 24. april kl. 18.00-19.00 der det blir ei spesial sending med offentleggjering av vinnarane. Så følg med!

I skrivande stund, ca. ei veke før trekninga, har vi selt lodd for vel 150.000 kroner. Vi er svært takknemlege til alle som har vore med å kjøpe lodd og som har gjort det mogeleg å nå eit så pass bra resultat! Målet er å samle inn minst det same som i fjor: 160.000 kroner. Pengane vil gå til drifta av Radio Nordvest. Takk til alle som er med og støttar det viktige arbeidet som blir drive ved Radio Nordvest! Så følg med - kanskje blir du ein av dei heldige vinnarane?