Elever ved Tryggheim,

Søkarrekord på Tryggheim

I Tryggheims 102 år lange historie har interessa for skulen aldri vore større.

400 elevar har søkt på 225 Vg1-plassar på Tryggheim vidaregåande skule på Jæren. Rektor Gjermund Viste er nøgd med det høge søkartalet.

- Vi gleder oss over den kjempegode søkinga til utdanningsprogramma våre og er glade for at vi har nådd så langt ut, seier han.

Den kristne friskulen på Nærbø starta i 1919, med like over 50 elevar. Dei siste skuleåra har elevtalet vore over 500, og 200 bur på internat.

Tryggheim-elevane fordeler seg mellom utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. Frå cirka 15. mars sender Tryggheim vgs. ut opptaksbrev til nye søkarar, med svarfrist 6. april.