Digitalt reformasjonstreff i Sør-Amerika.

Reformasjonsfeiring i Sør-Amerika

Ettersom det framleis ikkje er mogleg å ha fysiske samlingar her i Sør-Amerika blei det arrangert reformasjonsfeiring på nett frå 26.10 – 31.10.

Frå måndag til fredag blei det lagt ut andakter der tema var «Skrifta åleine», «Jesus åleine» «Nåden åleine», «Trua åleine» og «Guds ære åleine».

Fellesarrangement 

På fredagen blei det arrangert eit forum for pastorar og leiarar frå kyrkjene der det blei undervist om Luthers lille katekisme. Det blei fokusert på historia, innhaldet og korleis den framleis kan brukast i dag. Godt over 45 pastorar og leiarar deltok på samlinga.

På reformasjonsdagen var det felles reformasjonsgudsteneste som blei sendt direkte på Facebook-sidene til begge dei nasjonale kyrkjene.

Takksame kyrkjepresidentar

Oscar Bellido Zarate, kyrkjepresident i IEL-P (den nasjonale kyrkja i Peru) seier at dei er særs takksame for å ha hatt moglegheit til å gjennomføre dette saman med ICEL (Den nasjonale kyrkja i Bolivia) og NLM Sør-Amerika. Han legg vekt på at det var veldig fint å ha fellesskap saman med leiarar og pastorar frå begge kyrkjene og med NLM. Limberth Fernández er òg glad for den felles feiringa. Han seier at det var eit vellykka arrangement og har berre fått positive tilbakemeldingar.

Begge kyrkjene legg til at dei håper dette berre var byrjinga på fellesarrangement mellom IEL-P, ICEL og NLM.