Kvinnehelg

Takknemlege damer!

Det var takknemlege damer som reiste frå Hallarheim etter årets kvinnehelg.

Køyrde mange mil

Fleire hadde køyrt mange mil for å vera med denne helga i Ytre Namdal. Det var deltakere frå fleire kommuner i Nordland og Trøndelag. Nokre av deltakerne kunne helse kvarandre takk for sist, og det vart knytta nye bekjentskap.

 

«Lære å kjenne Herren»

Bjørg Mæstad var med som talar, temaet for helga var «Lære å kjenne Herren». Det var fine samlinger gjennom helga, der vi fekk lære meir av Herren. Etter Bibeltimen på laurdag var det tid for utflukt. Vi køyrde til Val skoler, der vi fekk omvisning av Svanhild Øpstad. Det var omvisning og orientering om idrettshallen og påbygget i forbindelse med matsalen. Vi var også innom Val grunnskole sine lokaler. Vi var inviterte heim til Svanhild Øpstad, der det vart kaffi med mykje godt attåt.

 

Misjon og god mat

Laurdagskvelden var det misjonskveld, men først eit måltid med pizza og salat. Kaffitrakteren gjekk ganske jamnt, etter misjonskvelden vart det kaffi, kaker og prat i stova. Kvinnehelga vart avslutta med bibeltime og middag på søndag. Takk for ei fin helg og velkommen tilbake!