Bibel

Personleg møte

Luk 24,25-27 Då sa han til dei: "Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26 Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?" 27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.

Jesus kjem til dei på vegen og han forklarar for dei det dei slett ikkje kunne fatte stod skreve i Bibelen. Men når Jesus forklarar forstår dei.  Jesus har lova å sende Den Heilage Ande som vil forklare og vise oss det Bibelen seier (Joh 16:13). Når vi les i Bibelen så skal vi be Den Heilage Ande om å opne opp ordet så vi forstår kva som står der.  Og då kan det same skje oss. Vi vil oppdage at det som er skreve gjeld oss som lever i dag.   

Det som hende med Jesus måtte skje nettopp slik, så stikk imot all fornuft og tanke.  Men det var Guds plan at nettopp på den måten skulle Jesus opne opp ein veg.  Jesus skulle lide og døy og stå opp den tredje dagen. Deretter gjekk Jesus inn til sin herlegdom. Han går som den første inn, og seinare alle dei som trur på han. (1 Kor 15:23)

Dei forstod det først etter at dei fekk eit personleg møte med Jesus.