Liten menighet i jordhytte

Evangeliet kjem fram med ein gammal jeep

Alle folk på alle stadar treng evangeliet. Sjølv om det kan verte strabasiøse reiser for bodberarane.

Henta frå Prosjektkatalogen 2023.

Det kjem vel eigentleg an på auga som ser, og kva ein er vand med. Det kan vere mange stadar i Bolivia som nordmenn flest ikkje ville bu på, men det kan jo også vere at det er stadar i Noreg bolivianarane heller ikkje ville bu på.

Uansett treng alle folk på alle stadar evangeliet. Og for oss misjonærar kan då det som var framandt og uvant etter kvart verte noko kjent og kjært, sjølv om det kan vere strevsamt. Folk er i alle fall takknemlege og glade for at einkvan kjem seg rundt.

 

Fleire fluger i ein smekk

Eg reiser mykje på landsbygda, og på grunn av lange avstandar til og frå desse områda, vert det opp til to større eller mindre rundar kvar månad. Det gjer at om lag halvparten av stillinga mi er ute i felt.

Du kan kanskje undra på kvifor eg gjer dette? Då er det enklaste og beste svaret at kyrkja ynskjer det og treng arbeidskraft. Den nasjonale kyrkja har verken nok av eigne arbeidarar eller eigne inntekter.

I tillegg har eg ein god gammal jeep som er høg under buken og kjem seg fram der det er noko poeng å kome seg fram.

Eg reiser nesten aldri åleine, men har som regel med nokon lokale der eg kjem, og vi utnyttar gjerne høvet til å «slå fleire fluger i ein smekk» med forkynning av evangeliet, kursing, prosjektaktivitetar og lignande. Kombinasjonar har alltid tiltalt meg.

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending