Mål i Mali

Målet på plass i Mali

I tørketida, når innhaustinga er vel i hamn, vert «alle» sletter og opne grusområde i og utanfor landsbyen forvandla til fotballbanar.

I timen før solefall strøymer gutane til for spele fotball. Også borna som kjem på NLM sine barneklubbar likar fotball, sjølv med berre eit tun som bane.

I fleire år har ein drøymt om å starte fotballklubb for dei største borna og tenåringar. No kan draumen verte realitet. Fotballbana med kvitmåla målstenger og omkransa av nyplanta tre står klar. Ein strådekt hangar gjev skuggestad til samlingsstund.

Youssouf, leiaren ansvarleg for fotballturneringa på siste barneleir (med meir enn 500 barn), førebur seg til å kome til oss som utsending for assosiasjonen for evangelisering blant barn. Ein samarbeidsavtale skal utarbeidast mellom denne organisasjonen og NLM.

Det er med takksemd vi ber om forbøn for Youssouf, om Guds vern og omsorg og om ferdiglagte gjerningar blant barn og unge i landsbyen.

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Misjonær