Fisk i vannet

Som fisken i vatnet

MINIANDAKT: På ein tur langs elva ser eg ein stor fisk som har kome seg opp på land, og som sprellar og kavar for å kome seg ut i elva igjen.

 Der er litt vatn på hylla der fisken er fanga, men ikkje nok til å leve fritt.  

- Å sjå den stakkars fisken, seier dei som går framfor meg. Eg går ned skråninga og får skubba den store fisken ut i elva igjen. Tilbake til fridomen. Litt etterpå ser eg ein fisk som hoppar. Skal tru om det er fisken som eg berga, som no viser glede og takk?

“Berre Jesus kan setje oss fri frå synda.”

Vi menneske er skapte til å leve i fellesskap med Gud. Det er vårt rette element. Men dei første menneska brukte fridomen til å velje opprør mot Gud, og det førte til at alle menneske er fødde med synd. Berre Jesus kan setje oss fri frå synda. Han går ikkje berre forbi og seier «Stakkars deg!», men han stig heilt ned. Ja, han var villig til å døy på korset for å berge oss. 

«Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.»  

Fisken fekk fridomen tilbake. Som menneskefiskar skal eg få vere med og hjelpe menneske tilbake til sitt rette element.  

 

Frå Bibelen: Joh. 8, 36