Tekstplakat Ung Disippel

Ung:Disippel

Bli med på Region Midt-Norge sitt disippeltreningsprogram, Ung:Disippel.

Ung:Disippel er Misjonssambandet sitt treårige disippeltreningsprogram bestående av trinna Ung:Konfirmant, Ung:Etterfølger og Ung:Leder. I løpet av eit år har me to leirar saman. På leirane har me møter, aktiviteter, smågrupper, seminarer og mye annet moro. I tillegg vert ungdomane delt opp i dei tre ulike trinna for å ha undervisning med sine hovudleiarar.  Me håpar å samle ungdommar frå heile regionen og håpar at akkurat DU vil vera med!

Under kan du lese meir om kva dei to fyrste trinna inneber. I Midt-Norge startar me ikkje opp med det siste trinnet Ung:Leder heilt endå, men informasjon om trinnet kjem etterkvart.

Her kan du se en film om Ung:Disippel.

Har du spørsmål om Ung:Disippel, ta kontakt med ungleiar Irene Straumstein, istraumstein@nlm.no.

Påmelding og mer informasjon finn du via trinn-sidene nedanfor.

Ung:Konfirmant

Dette er eit år kor me tek eit djupdukk i Bibelen og ynskjer å bli kjent/betre kjent med Jesus. Ung:Konfirmant er eit av Misjonssambandet sine konfirmasjonsopplegg i Midt-Norge, og er frå 8. klasse.

Ung:Konfirmant er det fyrste trinnet i Misjonssambandet Midt-Norge sitt treårige disippeltreningsprogram.

Me tilbyr eit fullverdig konfirmasjonsopplegg med god undervisning, møter, aktivitetar og sosialt. Likevel vil me anbefale at konfirmantane i tillegg er knytta opp til si lokale forsamling for å byggje relasjonar lokalt. Etter fullført program kan du konfirmere deg i di lokale forsamling. Dersom ein konfirmant ikkje er tilknytta ei lokal forsmling, gje oss beskjed om det, så prøver me å finne ei løysing. Du kan velgje om du vil byrje på Ung:Konfirmant i 8.klasse eller 9.klasse.

Vårt hovudynskje er at deltakarane på Ung:Konfirmant skal få bli kjent med Jesus. Dette vil me gjera gjennom god og bibelnær trusopplæring. Det er eit år kor ein tek eit djupdukk i Bibelen og vert kjend med kva denne spanande boka inneheld av skattar, openberringar og sanningar om kven Gud er og kva han har gjort for oss.

I tillegg til bibelundervisninga er det sosiale fellesskapet viktig. Gjennom året skal du som konfirmant få vera med på mange spanande aktivitetar. Både som del av ei konfirmantgruppe, men og saman med dei andre ungdommane som fylgjer Ung:Disippel.

Pris

1530 kr pr. deltaker pr. leir.

Medlemsskap i Ung:Disippel

Ved påmelding til Ung:Konfirmant blir ein medlem i laget/fellesskapet «Ung:Disippel». Medlemskontingenten er 50 kr pr år og vert betalt ved fyrste leir i året. Dette gjer at me får midler som igjen kjem deltakarane til gode på leir. 

Undervisning

Undervisningen i Ung:Konfirmant består av tre hovedbolker:

  • Truslære: Her skal me læra kva som ligg i dei viktige kristne omgrepa treeinigheit, rettferdiggjering, helliggjering, nåde, nattverd, dåp og bøn.
  • Bibelfag: Her går me konkret gjennom ulike bøkene i Bibelen, mellom anna evangelia, urhistoria, kongetida og profetane. Me kjem òg til å læra spanande bakgrunnsstoff om Bibelen, korleis den er blitt til og korleis den er bygga opp.
  • Etikk og misjon: Her skal me visa på kva måte Bibelen er aktuell inn i vår kvardag og sjå kva den seier om fleire aktuelle problemstillingar i dag som seksualitet, rusmidler og naturvern. Me går òg inn på kva misjon er, og kvifor me driv misjon.
    Dette blir ein liten forsmak på eit av hovedtemaa på Ung:Etterfølger.

Tid og stad

  • 31.oktober - 2. november, Laberget leirsted
  • 24. - 26.april, Laberget leirsted

Påmelding


Her kan du melde deg på den Ung:Disippel 31. oktober - 2. november .

Har du spørsmål om påmelding - send epost til midtnorge@nlm.no

 

Ung:Etterfølger

På Ung:Etterfølger skal me ta med oss det me har lært om Jesus og bruke det i våre liv. Som etterfylgjarar av Jesus vil me prøve å verta meir like han.

Dette er eit år som handlar om å vera ein etterfylgjar av Jesus, ein disippel hjå han. Me kan lære mange ting frå og om Bibelen, men let me Guds ord forandre oss? Disiplane til Jesus var ein gjeng med vanskelege, ulike, unike, eigenrådige menneske. Men likevel elska Jesus dei, valde dei og utrusta dei. Me kan og vera Jesu disiplar om me let oss påverke av han i kvardagen.

Me ynskjer at Ung:Etterfølger skal hjelpe oss til å finne ut kven Jesus er og kva han kan bety i våre liv og i vår kvardag. Me vil og snakke om korleis me kan bruke våre liv i teneste for han slik at andre vert kjend med Jesus gjennom oss.

Ein stor del av Ung:Ettefølger vil og vera å byggje fellesskap med andre unge kristne på vår eigen alder. Både innad i Ung:Etterfølgergruppa, men og saman med dei andre trinna i Ung:Disippel.

Pris

1530 kr pr. deltaker pr. leir.

Medlemsskap i Ung:Disippel

Ved påmelding til Ung:Etterfølger blir ein medlem i laget/fellesskapet «Ung:Disippel». Medlemskontingenten er 50 kr pr år og vert betalt ved fyrste leir i året. Dette gjer at me får midler som igjen kjem deltakarane til gode på leir.

Undervisning

Ung:Etterfølger ynskjer å fokusera på fylgjande fag:

  • Disippeltrening: Gjennom dette faget vil me setja fokus på at me er Jesu disiplar, og korleis me kan vera det i kvardagen vår.
  • Personleg trusliv: Jesus smitter frå hjarta til hjarta. Me ynskjer ar Jesus skal få bli personleg for deltakarane og at me skal få kjenne på korleis det han har gjort for oss på krossen forandrar liva våre.  
  • Identitet og sjølvforståing: Kven er eg? Det er eit spørsmål mange unge stiller seg i dag. Korleis ein finn dette svaret har mye å si for korleis me ser på oss sjølv. Me ynskjer å peike på at svaret på dette spørsmålet er i Bibelen
  • Impulser fra verda: I dagens samfunn er det mange vanskelege problemstillingar som ikkje alltid er like lette å finne svaret på. Bibelen er òg aktuell i dessee problemstillingene, bli med å utforske Bibelen i det 21. århundret.

Ung:Etterfølger er for deg som går i 9. eller 10.klasse og oppover. For å vera med her må du ha gjennomført Ung:Konfirmant eller eit anna konfirmantopplegg (Ta kontakt om dette ikkje er tilfelle så kan me ta ein prat). Du må ha gjennomført Ung:Etterfølger for å kunne gå vidare på Ung:Leder.

Dato og stad

  • 31.oktober - 2. november, Laberget leirsted
  • 24. - 26.april, Laberget leirsted

Påmelding   

Her kan du melde deg på den Ung:Disippel 31. oktober - 2. november .

Har du spørsmål om påmelding - send epost til midtnorge@nlm.no.