Folk badar

Kva er SommerTreff Sygna?

Lurer du på kva SommerTreff Sygna er for noko? Les i så fall vidare :-)

Kven er SommerTreff for?

SommerTreff er for deg som er mellom 13 og 16 år, dvs. du som skal starte i 8. klasse til og med 1. VGS.

 

Kva er SommerTreff?

SommerTreff er ein kristen sommerleir med Jesus i fokus. På SommerTreff får du oppleve bibeltimar, kveldsmøter, mange ulike aktivitetar du kan velje mellom og sosiale samlingar på kveldane! Sommaren er ekstra flott i Balestrand og vi kan garantere god stemning med eller utan sol og varme.

 

Må eg vere kristen for å vere med på SommerTreff?
Nei. At SommerTreff er ein kristen leir, betyr ikkje at alle må vere kristne for å melde seg på. Alle deltakarane er like velkomne. Leiarane på SommerTreff er kristne og programmet for leiren er prega av at dette er ein kristen leir.

 

Korleis ser ein dag på SommerTreff ut?

Etter ein god frukost, samlast vi til bibeltime. Her bruke vi god tid på å bli litt betre kjent med litt av Bibelen. Rett etter bibeltimen, deler vi oss i smågrupper. Her oppsummerer og samtalar vi om det som vart sagt i bibeltimen rett før. Smågruppene blir inndelt etter romma deltakarane søv på, og kvar smågruppe har sin faste leiar. Dagen held så fram med ulike aktivitetar, både på land og i vatn som du kan velje mellom. Aktivitetene er leia av leiarar på SommerTreff. Leiarane har ansvar for tryggleiken under aktivitetene og at alle skal oppleve glede og meistring. Kvar kveld er det kveldsmøte med lovsong, forkynning frå Bibelen, bønnevandring og høve til samtale. Litt utpå kvelden er det sosiale samlingar og event. Her vert det garantert mykje smil og latter.

Inn i mellom programpostane vert det servert godt mat og kiosken er open ein gong om dagen.

 

Kvar i landet er SommerTreff Sygna?

Sygna ligg i idylliske Balestrand. Nærområdet til skulen er godt tilrettelagt for mange ulike aktiviteter. Utsikta frå skulen er fantastisk. Her er kort veg til sjøen for bading og skogen og fjellet for gåturar. Fotballbane, sandvolleyballbane og idrettshallen ligg rett ved skulen og vi brukar alt dette under SommerTreff. Dei fleste av måltida har vi i skulen sin matsal, bibeltimar og møter i gymsalen og sosiale samlingar i peisestova og møtesalen.

 

Kva bør eg pakke med til SommarTreff Sygna?

  • Sovepose og laken til madrass (du kan ikkje låne dyne eller pute under SommerTreff)
  • Badetøy, helst to sett med klede til å vere i aktivitet og minst to handdukar
  • Vanlege klede (sokkar, sko, bukse, shorts, genser, jakke, t-skjorte, undertøy osv.)
  • Toalettsaker (husk såpe/sjampo også)
  • Litt pengar til kollekt og evt. kiosk om du vil
  • Bra om du har med eigen bibel.

 

Bilder/video under SommerTreff Sygna

  1. Nokre av leiarane på SommarTreff kjem til å ta bilete og video undervegs på SommerTreff. Dette er tenkt brukt på SommarTreff sine nettsider og i sosiale media (Facebook og Instagram) og i framtidig marknadsføring av SommerTreff.
    Vi ber om at deltakarar som ikkje ynskjer å vere med på bilde og/eller video, gjev beskjed om det ved påmelding.
  2. Vi ynskjer at deltakarane og leiarane brukar mobilen minst mogeleg desse dagane. På SommarTreff ynskjer vi mobilfrie soner og vere saman utan at nokon ser ned i ein skjerm. Deltakarar og leiarar har ikkje lov å ta bilete/video av andre deltakarar og leiarar og publisere dette utan samtykke frå den/dei det gjeld.