Volleyball

Deltakarreglement for SommerTreff Sygna

På SommerTreff Sygna skal det vere trygt, kjekt og godt å vere både deltakar og leiar.

På SommerTreff Sygna skal alle

  • kjenne seg trygge,
  • vise andre og oppleve sjølve å få respekt frå leiarane og andre deltakarar,
  • møte leiarane og andre deltakarar og sjølve bli møtt med toleranse og nestekjærleik.

 

Alle som deltek på SommerTreff må seie JA til desse reglane:

  • På SommerTreff er det nulltoleranse for mobbing.       
  • Du skal vise respekt for bygningar og inventar på Sygna. Brannvarslingssystemet på Sygna er der for å hjelpe oss om det oppstår brann. Leik og tull med, skadeverk og anna falsk utløysing av brannalarm er farleg. Dette vil medføre bot og/eller erstatningsplikt til den/dei som gjer det.
  • Dette er eit rusfritt arrangement. Ingen form for rusmidler er tillete under SommerTreff.
  • Det er ikkje tillate å opphalde seg utanfor Sygna sitt område utanom organisert aktivitet eller at dette er avtala med leiarane.
  • Deltakarar og leiarar har ikkje lov å ta bilete/video av andre deltakarar og leiarar og publisere dette utan samtykke frå den/dei det gjeld. (Deltakarane og leiarane kjem til å få meir info om dette punktet i starten av SommarTreff.)
  • Deltakarane skal vere på sine eigne rom frå etter rotid og gjennom heile natta.

 

Om det oppstår situasjonar der deltakarar ikkje fylgjer reglane, vert dette teke opp i leiargruppa. Konsekvensar kan vere at deltakarar vert sendt heim. Deltakaravgift etc. vert då ikkje tilbakebetalt.