Jenter med akebrett

Dagsleir 2.-4. kl (Førde)

Velkommen til dagsleir for barn i 2.-4. klasse - laurdag 31. januar.

Dette blir en veldig gøy dag med masse kjekke aktiviteter, spennande bibelsamlinger, leirkveld og leik i Saltosentralen (Sunnfjordparken)!

Leiren blir ein fin mulighet til å prøve ut korleis leir fungerer. Kanskje nokon er nysgjerrige på korleis leir ser ut, men synest det er skummelt å sove heimefrå? Då er dette ein gyllen mulighet!

Vi er ein fin leiargjeng som ønskjer å lage ein kjekk og minnerik dag, og gler oss masse til å bli kjent med deg! 

Kvar: Logoskyrkja, Førde (4. etg i "Skaparhuset", Øyrane 12 - same inngang som Saltoparken)
Når: Lørdag 31. januar.
Start: kl 10:00, Slutt: kl 17:30
Måltider: Det blir servert to måltider: pølser og boller (ikkje frukost og kveldsmat)

På leir høyrer vi spennande forteljingar frå Bibelen, vi håpar du får nye leirvenner, og vi skal ha kosestund med underhaldning.


Ta med:
Bibel, passande kle og sko til veret, innesko og masse godt humør!
Det vil vera muleg å gje ei gåve til Ung Global (heitte tidlegare Barnas Misjonsprosjekt).

Ta ikkje med:
Energidrikk, eksterne høgtalarar, PC og andre liknande verdisaker. Vi anbefalar at barna ikkje tek med mobiltelefon, då vi har opplevd misbruk og tjuveri av desse ved tidlegare anledningar.

Me ønskjer at leirane våre skal vere inkluderande, sosiale samlingar der vi ser kvarandre og brukar tid saman. Derfor frarår vi bruk av mobil på våre leirar. Deltakarane kan kontaktast ved å ringe leirsjefen. Barna får sjølvsagt ringe heim om dei ønskjer det.

Pris: kr 490,- (inkluderer m.a. inngangsbillett til Saltoparken)

Leirklubbrabatt: kr 100,-. Medlemskap i leirklubben: kr 100,- pr kalenderår (betalast ved årets første leir).

Prisen vil stige med kr 100,- frå og med tysdag før oppstart av leiren.

I påmeldinga spør vi om allergiar og om det er spesielle utfordringar eller særlege behov for hjelp/tilrettelegging. Dette er verdifull informasjon for oss, slik at vi kan legge best mulig til rette for deg!

Har du spørsmål om leiren, ta kontakt med regionkontoret, tlf. 55904800, e-post: vest@nlm.no

Tidspunkt

Lørdag 31. januar 2026

Adresse

Logoskyrkja, Sunnfjordparken, Øyrane 12