Bildet viser glade barn som synger i koret Kairos

KRASP

Misjonssambandet nordvest sine to aspirantkor for 5.-8. klasse

KRASP (KRetsASPirantkora) er eit flott leir- og kormiljø for deg som bur i Møre og Romsdal. KRASPnord samlast på Vestheim Ungdomssenter, Vestnes. Ca for deg som bur i Ålesund og nordover. KRASPsør har sin leirstad på Møre barne- og ungdomsskule, Herøy. Ca for deg som bur sør for Ålesund. Grensene er ikkje så nøye. Vi har fire øvingshelger i året. Ei av disse helgene er felleshelg for begge kora.

Alder 5.-8. klasse

Jesus, vennskap, god mat, misjon, leik og korsang er gode stikkord om eit kristent miljø for unge ungdommar som hadde oppstart i 1989 - og framleis lever!

Øvingshelger skuleåret 25-26:

19. – 21. september

14. – 16. november

27. februar – 1. mars Felleshelg på Vestborg, Stranda

8. – 10. mai

Kora hadde uvanleg små 2011-kull som gjekk ut i år (koronarekrutteringa var ikkje så stor), difor er det no fullteikna i begge kora. Men det er lov å melde seg på venteliste og så KAN det hende vi får plass til fleire, allereie hausten 2025.

Venteliste: Send epost med namn / fødselsdato- og år / adresse / namn, mobilnr og epostadresse til føresett til KRASPnord, hovudleiar Mikel Kycycu mkycyku@nlm.no KRASPsør, hovudleiar Ole Audun Os oleaos@yahoo.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Adresse

Misjonssambandet nordvest, Spjelkavikvegen 132, 6010 Ålesund