Fest på tunet med evangeliefortellinger

Låg profil, men ikkje skjult

MISJONÆRBREV: Eg lærer stadig noko nytt om Malinke-folket, folkegruppa eg bur blant – ei av 74 i Mali, eit land med 87,5 % muslimar.

Dei som snakkar aust-malinke og tel 470.000 sjeler. Aust fordi dei bur aust for Mandingfjella. Trur eg. Og altså snakkar annleis enn dei i vest.

«Frontier Unreached Group» kallar Joshua-prosjektet dei. Det er berre 4 mil til nabolandsgrensa herifrå, men er det poenget?

Eg googlar vidare. Finn ein skala med prikkar. Grøn syner folkegrupper signifikant nådd av evangeliet. I andre enden av skalaen, raud prikk, kategorien unådd. Utanfor skalaen, eit eige symbol. Ei sol: Frontier Unreached Group. Altså ei gruppe mindre nådd enn dei dei unådde, dei med raud prikk.

Eg held fram lesinga. Grense-unådde folkegrupper har mindre enn 0,1% kristne og inga sjølv-utbreidande rørsle for evangeliet. Ingen sjanse for disippelgjering om ikkje nokon frå ein annan stad kryssar barrierar.

 

Klassisk misjon

Eg klyp meg i armen. Det er her, blant dette grense-unådde muslimske folket, at NLM har hatt arbeid sidan 2006 – at mine kollega har vandra ikring, sett seg ned, og drukke te. Blitt glad i folket, og bygd relasjonar. Snakka om laust og fast. Og om Jesus. Vist Jesus-filmen på PC for damer som fann ei lomme av tid ei ettermiddagsstund. Lete einskildpersonar lytte til lydfiler på telefonen.

Ein låg profil. Men ikkje skjult. Folket i landsbyen veit vi er kristne.

Det er her at borna har kome i hopetal, fire-fem hundre og meir, to gonger i året, til kristne leirar. På den offentlege skulen. Minimalt annonserte, jamfør låg profil. Men jungeltelegrafen går.

Det er her vi har fotballklubb og barneklubbar (no koronapause). Fleire samtalegrupper om kva profetane seier om Messias, han som skulle kome og som kom.

For ein moglegheit Gud har gjeve. Klassisk misjon, i den forstand at oppdraget ikkje er skjult. Men vi er forsiktige.

 

Vil bli kristen

Å vere malinke er tett samanvevd med kultur, familietradisjonar og religion. Ein ser ikkje med blide auge på dei som bryt ut. Å verte kristen er som å forkaste fedrane og familiesamhaldet.

‒ Slektningane mine kritiserer meg fordi eg held meg med dei kristne, fortel Arouna. I over eit år har vi vitja han, og samtalt om bibelforteljingane kronologisk. Han er lam etter ei ulukke i gullgruve for nokre år sidan. ‒ Dei kritiserer meg, held han fram – men kven av dei har kome for å sjå til meg ...?

‒ Er det slik at du vil verte kristen, spør eg. Vi har hatt fleire fine samtalar i det siste. Han har ein lydspelar med NT på lokalspråk. Lyttar dag ut og dag inn. Forstår meir og meir.

‒ Ja, svarar Arouna. – I dag, spør eg? ‒ Ja...

I skrivande stund er dette ei veke sidan. Han tok i mot Jesus, bad om tilgjeving for sine synder og sa han ville fylgje han.

Klassisk misjon, i ei grense-unådd muslimsk folkegruppe. Men kor lenge? Sterke krefter kjempar for å dra Mali, ein stat med offisiell trusfridom, i radikal retning.

Måtte Gud gje NLM mot, vilje og visdom til å satse her medan det enno er fridom.