Bilde av avisside med bilde av Kåre Lid

Eit personleg møte

LEDER: I den norske kulturen vert kristentru i dag rekna som ei personleg eller privat sak. Men Jesus kallar menneske offentleg til å fylgje han i teneste for Gud og sin neste.

Uttrykket personleg kristen vart for nokre år sagt like meiningslaust som personleg nordmann. Men det vart tatt i bruk i ei tid «alle» var medlemmer i kyrkja og Guds ord vart forkynt til vekking og omvending. I møte med Gud vart det klart at å vere ein kristen handla om meir enn medlemskap. Nåde for syndene og evig liv i trua på Jesus vart viktigare enn alt. Ein vart sett på val mellom eit liv etter sine eigne tankar borte frå Gud, eller å ta imot Jesus som frelsar og Herre. Ei  personleg tillit til Jesus endrar liv.   

I den norske kulturen vert kristentru i dag rekna som ei personleg eller privat sak. Men Jesus kallar menneske offentleg til å fylgje han i teneste for Gud og sin neste. Ja, sjølve misjonsoppdraget han gav sine er ikkje ei privatsak. Han snakka om gudslivet som eit lys som ikkje skulle setjast under ei bøtte og som ein by synleg på fjellet for alle. 

"Ein organisasjon står i fare for å verte meir opptatt av aktivitetar og strukturar enn av sjølve oppdraget."

Åndeleg liv

Ein slik åndeleg motivasjon skapte Norsk Luthersk Misjonssamband. Verken høvdingar eller strategiar skaper åndeleg liv. Men åndeleg liv skapt av Gud kan hos mange verte ein åndeleg bevegelse med ei retning. Med ein iver ingen kunne stoppe, fann mange kristne saman for å fullføre Jesu vilje. Ved åndeleg utsyn skapt ved Guds ord vil personlege kristne frivillig forplikte seg til noko større.  

Bodskapen om nåde og evig liv må til alle folkeslag. Det er ei umogleg oppgåve som eit personleg prosjekt, men ei oppgåve vi fullfører saman med Jesu etterfylgjarar.   

 

Åndeleg rørsle

Sidan generalforsamlinga i 2018 har vi i NLM snakka om strategi og retning for dei neste ti åra. Ein organisasjon står i fare for å verte meir opptatt av aktivitetar og strukturar enn av sjølve oppdraget. Når vi no skal vedta strategiar og mål er to ting avgjerande viktig om NLM framleis skal vere ei åndeleg rørsle.

Guds ord må delast i våre fellesskap slik at menneske får eit personleg møte med Gud og kall til omvending og frelse. Berre ved personleg tillit til Bibelens Jesus vert menneske etterfylgjarar av Jesus. Utan menneske som frivillig forpliktar seg til å fylgje Jesus i vårt arbeid vert NLM berre ein struktur og inga åndeleg rørsle.

Vi må snakke om oppdraget Jesu etterfylgjarar fekk. Å berge bortkomne og fortapte menneske førte Jesus til krybbe, kross og grav. Likevel har arbeidet for at fleire skal kome til tru knapt vore mindre kulturelt korrekt enn i dag. Difor må vi halde høgt for kvarandre at vi i vår tid er kalla til å vere Guds medarbeidarar for å redde menneske til evig glede. Om vi vil vere med og forplikte oss, blir ei personleg sak for kvar enkelt av oss.