
UTSENDINGEN: Bli betre kjent med ein utsending i Nord-Afrika.
Alder: 31 år
Kvar: Nord-Afrika
Når: Språkskule i Frankrike frå august 2016, reiste til Nord-Afrika september 2017.
Hovudoppgåver: språkstudium og prosjektarbeid
Sivil status: Gift, fire barn
Kvifor flytta de til Nord-Afrika?
Etter at me hadde studert og leia ei bibelgruppe i utlandet kjende me at det ikkje var tida for oss å slå oss til ro i Norge. Difor søkte me litt rundt og enda til slutt opp med å søke hjå NLM, etter tips frå eit venepar. Me er framleis usikre på korleis det gjekk til, men dei ville i alle fall ha oss, og det er me veldig takknemlege for.
Kva er dei største forskjellane på Nord-Afrika og Norge?
Språk og kommunikasjon er nok det vanskelegaste. Det meste me gjer for fyrste gong (betale rekningar, skrive kontraktar, søknadar osb.) må gjerast på litt annleis måte enn i Norge, og språket kompliserer dette ytterlegare.
Kva held du på med denne veka?
I tillegg til språkstudium så jobbar eg med kartlegging av moglegheita for å komme i gang med prosjektarbeid. Eg vonar også å få treffe ein lokal mann som har sagt at han vil høyre om trua vår.
Kva er planane framover?
Eg vonar at me får starta opp eit prosjekt slik at me kan få opphaldsløyve. No er me turistar og må forlata landet kvar tredje månad. Eg vonar også at me gjennom eit lokalt kontaktnettverk skal få enda fleire lokale med interesse for trua vår.
Kva plar du gjera når du skal slappe av?
Eg har fire born så eg har ikkje slappa av sidan 2013, men etter leggjetid prøver eg å få spilt litt fotball.
Er det eit bibelvers du er spesielt glad i?
Ein tidlegare kollega gav meg Jesaja 9,2, og det gjev meg stadig påminning om kva me jobbar for. Nemlig at eit folk som lever i mørke skal få sjå ljoset.
Er det noko som har gledd deg spesielt i det siste?
Nord-Afrika er eit ungt og lite felt og dette gjer oss ganske sårbare. Ein ting som har gledd meg i det siste er at begge familiane på feltet no opplever ein slags stabilitet etter ein periode med stor usikkerheit. Det er også gledeleg at det til hausten vert sendt nye familiar til språkstudium slik at me kan verte enda mindre sårbare enn det me er no.