Ballong, pakke, ark med tekst

Barnelagsarbeidet ber frukt

Barnelagsleiarane fekk ei tydeleg og konkret tilbakemelding på arbeidet dei gjer.

Eg vil gjerne få dela eit glimt som kan gje nytt mot i arbeidet mellom borna der vi bur. Kanskje har du stått i dette arbeidet i mange år og kjenner deg til tider litt trøyt og motlaus. Eller kanskje nettopp dette kunne inspirera deg til å starta eit lag i bygda der du bur eller i ditt byggefelt?

Fredag 6. november fekk eg møta borna i barnelaget «Ungblomen». Dette er i Nordpoll, ei bygd i Nordfjord, midt mellom Måløy og Selje. Til neste år kan «Ungblomen» feira 75-årsjubileum. Elisabeth og Reidar Nordpoll overtok ansvaret for laget etter mor til Reidar.

Jenter sit ved bord og teiknar mm
Takknemleg:Ei av jentene takka leiarane gjennom gåve og song Trond Kråvik

Dei er no begge pensjonistar, men har god hjelp av Aud og Kåre Nordpoll og Egil Holvik. I tillegg har dei med Jenny Kristin Myklebust som sjølv gjekk i barnelaget for 20 år sidan.

Gåve til leiarane
Denne fredagen kjem det ei jente som går i 4. klasse. Ho har med seg ei gåve til leirane i laget. Det er ein gul ballong laga som ein luftballong med ei lita papirkorg hengande under.  På ballongen er det limt ein lapp der det står:

«Til barnelaget. Eg har skrivd ein song til dokke. For all taknemlegheten min for at dokke lærer oss om Jesus og Gud.»

I korga under ballongen ligg lappen med ein song. Den har overskrifta "Himmelen er stor": «Himmelen er stor. Der Jesus og Gud bor. Der vi håper vi finner far, mor, søster og bror. Der det er like fint som på jord.»

Takk!
Så langt vi veit kjem ingen av desse borna frå aktive kristne heimar. Tenk å få vera med og legga denne bodskapen inn i deira hjarte. Takk til alle dykk som står trufast med i denne tenesta.

Tenk om fleire slike lag kunne bli starta kring om i regionen vår. Kunne du blitt med på det?