Misjonssambandet i Ørsta og Volda arrangerte i år julemessa i dei nye lokala til Volda Misjonsforsamling.
Det var sal av smørbrød, kaker og kaffi og saman med dei tradisjonelle innslaga som tombola, loddsal og åresal så var stemninga god. Mork barnekor song og det var andakt.
Men folk venta spent på eit innslag som ikkje tidlegare var kjent på ei julemesse på Søre Sunnmøre – på plakaten stod moteframvising (sjå bilete på slutten av saka). Det vart gjort i stand catwalk frå scena med ei runde rundt i salen. Folk venta spent på kven som skulle dukke opp på catwalken.
Gjenbruken hadde valt ut flotte klede til barn, ungdomar, damer og menn. Ein etter ein kom dei fram frå bak sena og fekk verkeleg eksponert kleda på ein glimrande måte. Konferansier var ein tidlegare skipskaptein - som nok hadde fått hjelp med manuset sitt, men som leda oss gjennom framvisinga på ein sikker måte.
Gjenbruken har stort utval av brukte klede og gjennom veka så har butikken godt besøk av kundar. Overskotet frå butikken går til misjonsarbeid og diakonal hjelp i ulike misjonsland.
Det økonomiske overskotet frå julemessa betyr mykje for økonomien i Misjonssambandet.