Johanna og Erland i frukthagen

Ei drivkraft i Sogn

Frå oppvekst i Sørumsand, via utdanning og pliktteneste i forsvaret, hamna Erland Fagermoen i Norea Radio i Oslo. I koret han gjekk i var også ei jente frå Balestrand.

Eg møter Erland og kona Johanna ein vakker haustdag i Balestrand. Her har campingliv og fruktdyrking prega livet og arbeidsdagane heilt frå slutten av 1970-talet og fram til i dag.

Men det starta i Sørumsand i 1942, der Erland vart fødd og budde til han var 14 år. Faren var ungdomssekretær i Oslo krets av Misjonssambandet. Etter krigen vart leirplassar meir og meir vektlagt i misjonen. Snart kjøpte Misjonssambandet eigedommen som i dag  er Solbukta leirstad i Fredrikstad.

Heile sommaren budde familien Fagermoen der, og etter kvart kjøpte foreldra eit småbruk like ved. Han har mange gode minne frå denne tida. Det var enkle kår, men Erland minnest at Gud heile tida var der og sytte for dei, noko som har prega han heile livet.

 

Teknisk
Frå 1961 vart det utdanning i forsvaret med pliktteneste i 6 år. Utdanninga var innan elektronikk med særleg fokus på sonar og undervassteknikk. Dette var i overgangen frå radiorøyr til bruk av transistorar. Ein revolusjon den gongen. Etter plikttenesta og ein kort periode i privat næringsliv, var han spurd om å arbeide som teknikar i Norea.

Erland tok imot utfordringa og minnest ei rik teneste midt i hjarte av misjonen i Grensen 19 i åra  1967–1976. I denne tida vart han også med i koret Jubilo. Året er 1968 og i koret er det også med ei ung dame frå Balestrand.

 

Camping og fruktdyrking
I 1969 vert det bryllaup, og dei får fire søner. Etter kvart som foreldra til Johanna vart eldre, melde spørsmålet seg meir og meir: Skulle dei flytta til Balestrand og overta campingplass og frukthagar? Igjen vart det å leggja saka i Guds hender. Det enda med at nytt hus stod ferdig på heimegarden til Johanna i 1977.

Erland hadde ingen kunnskap om fruktdyrking, men eigedomen deira var næraste nabo til fruktpakkelageret i bygda. Her fekk han gode råd og vart etter kvart med i styret. Dei store gamle frukttrea i eplehagen vart bytta ut med fleire mindre tre på same arealet.

På denne tida skjer det viktige satsingar i Misjonssambandet. Nybygg på Fjellhaug, Gimlekollen og ikkje minst Sygna vidaregåande skule. Erland vert leia inn i nye oppgåver, han vert valt inn i krinsstyret.

 

Politikk og misjon
Samstundes kom Erland inn i lokalpolitikken for KrF i Balestrand. Her møter han ofte som vara i formannskapet og får slik ei nøkkelrolle ved oppstarten av Sygna. Erland sat i kommunestyret i Balestrand frå 1979–2007. Dei siste 4 åra som ordførar. Han var også 16 år på fylkestinget.

Personar i gule t-skjorter på KrF-stand
Aktiv i politikken:Erland Fagermoen har m.a. vore ordførar i Balestrand Gunn Berit Bøthun

Heilt frå dei kom til bygda har Erland og Johanna vore sterke støttespelarar både for bedehuset og for kyrkja. Dei har stått på i ulike verv og dugnader. Heilt sidan 1979 og fram til våren 2026 har Erland vore kasserar i bedehusstyret og gjort ein stor dugnadsinnsats saman med Johanna. I dag er bedehuset pussa opp med moderne, framtidsretta lokale og med møte kvar søndag.

Misjonssambandet vart den organisasjonen som Erland og Johanna har tent trufast heile livet. Erland har sete fleire periodar i styret for Bergen krins og seinare Region vest. Særleg har Sogn Misjonssamband fått nyte gleda av tenesta hans, der han i alle år har vore med i styret og dei siste tiåra vore sekretær. Vi kjenner på stor takksemd for den trufaste tenesta Fagermoen har stått i alle desse åra. Mange forkynnarar har og kunna gle seg over husrom og hjarterom i heimen til Johanna og Erland. Framleis er dei med i misjonsforeininga Peru.

 

Gud har omsorg for oss
Erland har også heile livet hatt eit stort hjarte for leirabeidet og var i seks år leiar for styret for Lyngmo. Han kjenner på stor glede over å sjå korleis Gud på forunderleg vis har sytt for framveksten av Sygna, Lyngmo og fornyinga av bedehuset i Balestrand.

I samtalen med Fagermoen skin det gjennom ei trygg og tillitsfull kvile i at Gud har omsorg for våre liv og at han opnar og stenger vegar på naturleg vis. Han fekk eit forunderleg ord frå Herren då dei stod på terskelen til å flytta til Balestrand på 70-talet. Fork 9,7: Så gå og et ditt brød med glede, og drikk din vin med glede i hjartet! For Gud har alt sagt ja til det du gjer.

Det var denne siste setninga i verset som på ein særskild måte festa seg i minnet.