Ein onsdag i månaden har ei gruppe Sygnaelevar lang dag. Tidleg ettermiddag forlet dei Sygna, for å koma tilbake seint på kvelden. I mellomtida har dei hatt to ungdomsklubbar på andre sida av Sognefjorden.
Kvar siste onsdag i månaden fyller vi ein bil med Sygnaelevar og underteikna. Målet er besøk til to klubbar på andre sida av Sognefjorden.
Først har vi ein klubb i Feios og deretter køyrer vi inn til Fresvik for å ha neste klubb. Vi køyrer frå Sygna kl. 15.40 og er attende litt før kl. 22.00.
Leiartrening
Ungdomane frå Sygna bidreg med aktivitetar, vitnemål og har fokus på å skapa gode relasjonar. Dette er viktig leiartrening. Det er inspirerande å få stå saman med dei i dette arbeidet.
Sokneråda stiller opp
Dei lokale sokneråda annonserer klubbane, og kvar gong lagar dei god mat til ungdomane som kjem. Samlingane er elles prega av allidtrett og ei andaktsstund. Siste året brukte vi tidlslina i formidlinga. Komande år og neste år vil vi ha fokus på sentrale Jesusforteljingar. Dei fleste borna i alderen 5. klasse til og med 10. klasse kjem kvar gong
Dette er verkeleg eit evangeliseringsarbeid. Ver med og be om at det ordet som vert sådd inn i dei unge sine liv, må få bera frukt.