50 år med barnehagedrift vart feira tysdag 15.sptember 2026 i Preg barnehage Ulsteinvik.
Born og foreldre, besteforeldre, tilsette og styret saman med innbodne gjester var samla. Regnet hølja ned, men stemninga var god og tok seg opp til toppnivå då klovnen dukka opp på scena i gapahuken. Våte i håret fekk vi alle servert pølser i brød innadørs etterpå. Borna song om barnehagen og om Gud som har skapt oss alle.
Berit Mari og Linda saman med resten av personalet fekk ros og takk for eit godt pedagogisk og sosialt miljø som dei kvar dag skaper for borna. Personalet er dedikerte og mange av dei har hatt ei lang og trufast teneste i barnehagen. Nokre av tidlegare medarbeidarar og no pensjonistar, var også til stades, og det vart overrekt gåve frå støttegruppa.
Det var blomsteroverrekking og helsing frå foreldre, administrasjonen og frå kommunen.
Barnehagen har eit stort og godt uteareal for leik og aktivitetar, bygninga er renovert og halden i god stand, men 50 års drift slit på. Barnehagen har godt renommé, og har høgt barnetal. Preg barnehage Ulsteinvik er den einaste kristne barnehagen i kommunen og er ein viktig arena for kristen trusopplæring.