Det er tid for omstilling frå sommar og ferie til oppstart av skule, ulike fritidsaktivitetar og arbeid. Også små og større kristne fellesskap startar opp etter sommardvalen.
Med stor glede har vi også starta vi opp i Volda Misjonsforsamling og mange fann vegen. No startar hausten opp i kristne forsamlingar, bibelgrupper, foreiningar og ulikt kristent barne- og ungdomsarbeid.
Det er både kjekt og godt møtast igjen. Men Bibelen minner oss på at samlingar om Guds Ord i eit kristent fellesskap er mykje meir enn ein kjekk aktivitet blant mange. Det å høyre til og saman i eit kristent fellesskap er mykje meir eit menneskeleg fellesskap. Her er det meir enn like interesser, smak og menneskeleg vennskap som bind saman. Bibelen brukar ord om det som vi normalt brukar om familien. For når kristne kjem saman om Guds Ord i Jesu namn, møtest åndelege sysken og Jesus vår bror er sjølv stades! Ja Gud møter oss når vi let Kristi ord få rikeleg rom og vert lag ut, når vi syng salmar, hymner og åndelege songar og prisar Gud for det evig håpet vi er kalla til. (Kol 3,16) Og endeleg er det å kome saman nødvendig for å bevare trua og setje mot i kvarandre så mykje meir vi ser at dagen vi skal møte Jesus nærmar seg. (Hebr 10,25). Så sjølv om den vonde vil at vi skal tenkje at det kristne fellesskapet berre er enno ein (u)mulig aktivitet, så er det ein umåleleg rikdom om ein vil eige trua på Jesus.