Familieportrett i fjellene

Meiningsfull teneste i Sør-Amerika

Gjennom Fundo La Murillo blir bakeri, kaffiprosjekt og utleige samla for å styrke arbeidet i Peru. Samstundes får utviklinga av det teologiske seminaret SETELA eit tydelegare langsiktig fokus

Etter ein heftig sommar med masse regn her i Arequipa går me hausten i møte. Her er året omvend frå Noreg og me er difor i gang med hausten. Mange skulle tru at 25 grader og sol alltid vil kjennast likt ut. Likevel, etter mange år i landet kjenner ein godt forskjell på årstidene og det er noko godt med den litt kaldare lufta.

At det er haust betyr at me legg bak oss ein innhaldsrik sommar. Når det er sommar så er det ofte båe roleg og travelt på same tid. Mange har ferie, men det blir òg arrangert mange kurs og leirar i samanhengen me står i med den nasjonale kyrkja og det teologiske seminaret SETELA.

 

Nytt firma i Arequipa

I fjor oppretta me eit firma her på tomta til Misjonssambandet i Arequipa; Fundo La Murillo. Det er eit selskap som forvaltar eigedomen Misjonssambandet eig. Her driv me med utleige til leirarar og konferansar, og dei inntektsgenererende prosjekta som Svein står i er organisert under bedrifta.

Svein har dei siste åra bygga opp eit bakeri. Vonet er at nasjonale krefter litt etter litt skal ta meir over. Kaffiprosjektet er òg organisert under bedrifta. I år eksporterer me heile to containarar med deilig Perukaffi til Noreg, og i tillegg til dette brenn- og sel me kaffi i Arequipa. Så her er det ganske høg kvalitet på kontorkaffien. Målet med firma og prosjekta er å generere pengar til arbeidet her ute.

 

Hovedfokus i Peru

Som Stedlig representant får eg, Marianne, gjort veldig mykje forskjellig, og det manglar aldri arbeidsoppgåver då me er svært få i Sør-Amerika.

I Bolivia utarbeida me før jul ein venskapsavtale med den nasjonale kyrkja der, ICEL, og me vil snart ikkje ha langtidsutsendingar i landet. Me vil likevel støtte kyrkja litt økonomisk og gjennom forskjellige konkrete prosjekt. Dette gjer likevel at hovudfokuset blir på arbeidet vårt i Peru.

I Peru har me òg det teologiske seminaret SETELA. Ein del av tida mi går der, til å følgje opp og vere med i utviklinga av seminaret. Me har nyleg laga ei plan for dei neste ti åra som gir retning for vegen vidare. Det er svært meiningsfullt og viktig arbeid å få vere med på det som skjer på SETELA, og legge gode rammer for den teologiske utdanninga vidare.

Dagane blir heller ikkje mindre travle av å ha barn, Othelia 4 år går i nasjonal barnehage og Harald på 2 år er heime hos hushjelpa. Begge to stortrivest i Peru. I juni skal me på sommarferie til Noreg og det gleder me oss til.