Smilande Emmi sit ved bord

Kjempeviktig å kunne bety noko for andre

Gjennom praksisen ved Salem Nærmiljøsenter gjorde studenten Emmi Jensen (22) ei oppdaging: Frivilligheit er kjempeviktig – for menneske i alle aldrar. og begge partar.

Emmi Jensen (22) studerer sosialt arbeid og hadde i vår praksis ved Salem Nærmiljøsenter. I løpet av ti veker fekk ho eit unikt innblikk i kor mykje frivilligheit kan bety – for menneske i alle aldrar.

– Frivilligheit er kjempeviktig for begge partar. Du kan bety noko for nokon andre.


Frå tilfeldig praksis til verdifulle møte

Emmi går første året på sosionomutdanninga og bur på Lagshuset i Bergen. Då HVL skulle plassere henne i praksis, hamna ho litt tilfeldig, eller “gudfeldig”, seier ho smilande, på Nærmiljøsenteret i Salem.

Ho var spent. Som sosionomstudent hadde ho lært mykje om menneskemøte, relasjonar og det å sjå heile mennesket, men hadde ikkje heilt sett føre seg praksis på ein nærmiljøsentral.

Det skulle vise seg å bli ei lærerik oppleving.

– Eg har møtt menneske i veldig ulike aldrar og livssituasjonar. Det har vore kjempe­lærerikt å måtte tilpasse seg ulike menneske og ulike situasjonar.

  

Frå open barnehage til demenskafé

I løpet av dei ti vekene har Emmi fått vere med på mykje forskjellig. På dagtid har ho vore med på open barnehage, der ho har møtt både barn og føresette. Ho har også vore med på norskkurs og språkkafé, og på ettermiddagane har ho møtt eldre.

Ho har vore besøksvenn, delteke på demenskafé og fått sjå korleis nærmiljøsentralen skaper møteplassar for menneske som elles kanskje kunne blitt mykje åleine.

Særleg møta på demenskaféen har gjort inntrykk.

– Det kan vere sårt. Til dømes å vere ektefelle til ein som plutseleg blir sjuk. Samstundes kan demenskaféen vere ein friplass der menneske i same situasjon kan møtast, finne glede i kvarandre og kjenne at dei ikkje står åleine.

Det er dei små, faste møta som ofte betyr mest.

– Når du møter dei same menneska kvar veke, merkar du at dei set pris på det. Ein prat, ein klem før dei går heim … Du merkar at det vi har gjort saman betyr noko.

 

– Tenkjer du på å bli frivillig: Gjer det! Emmi Jensen (22)

«Ein får kjenne at ein betyr noko»

Gjennom praksisen har Emmi fått eit nytt syn på frivilligheit.

Ho har sett kor viktig møteplassane er – ikkje berre for dei som kjem innom, men også for dei som stiller opp som frivillige.

– På språkkaféen lærer ein sjølvsagt norsk, men det er minst like viktig å få ein plass der ein møter folk som bryr seg. Ein kan få eit nettverk og kjenne at ein blir sett og får ta del i samfunnet.

Det same gjeld foreldre i permisjon, eldre, menneske som er nye i Noreg – og mange andre.

– Frivilligheit er kjempeviktig for begge partar. Dei som er frivillige kan også oppleve at dei betyr noko for andre.

 

«Om du tenkjer på det – gjer det!»

I starten kunne Emmi kjenne litt på usikkerheita.

– Eg tenkte: Kven er eg? Betyr det eg gjer eigentleg noko?

Etter kvart forsvann mykje av den kjensla. Ho opplevde at menneska sette pris på at ho var der.

Difor er rådet hennar enkelt:

– Tenkjer du på å bli frivillig: Gjer det!

Det finst mange ulike oppgåver, og ein treng ikkje kunne alt på førehand. Det viktigaste er å møte opp, vere seg sjølv og vere interessert i andre menneske.

– Det er nok av frivilligsentralar i Bergen som har behov for folk, og nok av menneske som treng nokon å møte.

For dei som er ein del av Salem Misjonskirke og har teneste, meiner Emmi også at det kan vere verdt å prøve noko så enkelt som ei følgjeteneste.

– Det kan ta ganske lite tid, men bety så mykje for den du følgjer.

 

Du treng ikkje gjere noko stort. Du treng berre å møte opp – og vere der for eit anna menneske. Emmi Jensen (22)

Det finst noko for alle

Emmi sit igjen med eit større innblikk i kva som faktisk skjer på Nærmiljøsenteret/ Frivilligsentralen – og kor mykje som kan skapast gjennom frivillig innsats.

– Eg hadde nok ikkje tenkt på at dette kunne vere relevant for meg dersom eg ikkje hadde fått praksis her. Eg trengte nesten å få det servert.

Ho kunne godt tenkje seg å bidra vidare når høvet byr seg.

– Det er noko for alle. Du treng ikkje gjere alt, og du skal ikkje slite deg ut. Men å kaste seg litt ut i det, kan vere skikkeleg givande.

Kanskje Emmi sitt viktigaste poeng er nettopp dette: Du treng ikkje gjere noko stort. Du treng berre å møte opp – og vere der for eit anna menneske.