Bildet viser Kirsti og Steinar Dimmen

Misjonsarbeidar med allsidig erfaring

Steinar Dimmen har vore både misjonær og forkynnar. Her deler han litt om tenesta si og erfaringane han har gjort seg.

Steinar er gift med Kirsti, og dei bur på Ytre Dimna i Ulstein kommune. Dei har fire vaksne born. 

 I 1981 søkte Steinar seg til den heilt nyoppretta Fjellheim bibelskule i Tromsø. Eit halvår der vart livsforvandlande på fleire måtar. Steinar var heller ukjend med Misjonssambandet frå før. Her møtte han misjonen og misjonærkallet, og her møtte han Kirsti. I 1985starta han å studere teologi og misjon på Fjellhaug. 

Misjonærteneste i Bolivia 

I perioden 1990-2009 fekk vi som familie vere 12 år i Bolivia. Vi treivst godt og hadde veldig gode år der.  Andre perioden budde vi i Cochabamba, då eg var tillitsmann på feltet. Elles hadde vi tenesta vår i Sucre ved SETELA, det teologiske seminaret der, fortel Steinar.  

Han var rektor, og hadde heile vegen tenesta si knytt til bibelundervisning og opplæring/utdanning av pastorar og leiarar i den nasjonale kyrkja. Han arbeidde mykje med kyrkjestruktur og ekklesiologi, noko han også kunne drage vekslar på når han seinare kom inn i forsamlingsarbeid her i regionen vår. 

Forkynnar og områdearbeidar 

Heime i Noreg busette familien seg på heimstaden til Steinar. Her har han vore områdearbeidar på Søre Sunnmøre og elles forkynnar i regionen.  

Han kom aktivt med i oppstarten av ØrstaVolda misjonsforsamling. Dette har eg opplevd svært gjevande. Å få vere med å leie prosessen med utvikling og utforming av ei ny forsamling, der eg óg var forsamlingsleiar første tida. I dag er eg med i eldsterådet.  Erfaringa frå misjonsarbeidet har vore nyttig i arbeidet i forsamlinga, fortel han.  

Steinar har mykje på hjartet, og held fram: Misjonsengasjementet ligg veldig djupt i meg. Interessa av å sjå kva Guds ord seier, det triggar noko i meg. Det er i Guds ord vi får åndeleg liv, og det er ved det  vi vert frelste.  Vi prioritere forkynninga og bibelbruken slik at  evangeliet kan vekse fram. Som fellesskap må vi difor legge stor vekt på dette, det gjeld både for arbeidet i Noreg og på misjonsfelta.Utan Guds ord vil ikkje menneske kunne lære Jesus å kjenne.  

Evangeliet om Jesus set menneske fri 

Kva har vore viktig for deg å bere fram i forkynninga di?  

At Gud kan løyse oss ut frå vår synd. Han kjem med tilgjeving til oss.  Så lenge vi lever så kan Jesus kome oss til hjelp med frelse og evig liv, seier han.  

Etter halvåret på bibelskulen, arbeidde Steinar for Blå kors i Tromsø. Denne tida, og møte med menneske der, gjorde djupt inntrykk.  

Det gjorde inntrykk å møte menneske som var fanga i alkoholisme og rusmisbruk, og som hadde tapt så mykje, mange hadde mist både inntekt og arbeid, familie og verdigheit. For mange av dei hadde alt ramla i grus», seier han.  

Og likevel, det er håp for den som får høyre evangeliet om Jesus. Dette håpet kom til uttrykk gjennom kristentrua til nokre av dei som budde der. Dei hadde eit håp om ein dag å verte løyste og fri, ikkje akkurat medan dei levde, men ein dag heime hos Gud i himmelen. Møte med desse personane og vitnemålet deira gjorde sterkt inntrykk. Det er aldri for seint. For evangeliet gir håp for alle så lenge vi lever 

Delvis pensjonist 

No i mai har Steinar kome til pensjonsalderen. Han har hatt ei lang og trufast teneste som tilsett i Misjonssambandet. Allsidig, både i Bolivia og her i Region Nordvest. Han trappar ned, men vil framleis halde fram i ei 30%-stilling. Denne tida vil han prioritere til forkynnarverksemd  

Det er vi mange som er takksame for.