Bilde fre møteledelse i Volda misjonsforsamling

Alle generasjonar

I Misjonsforsamlinga i Volda er alle generasjonar saman heile gudstenesta ein gong i månaden. Første søndagen i juni leia unge sjølv gudstenesta.

Thea Kristine Straume og Olai Lid Berget, som begge går i åttande klasse leia gudstenesta. Tema i gudstenesta var Guds Ord. Både drama, song, andakt av Steinar Dimmen, intervju av bibelbrukarar, læring av Salme 119, 105 understreka tema. Til slutt var det premiar til unge som hadde fylgt bibelleseplanar dei hadde fått utdelt på tidlegare gudstenester. Forsamlinga har både som kall og eit viktig punkt i strategien å gi vidare Guds Ord og evangeliet til neste generasjon.Vi snakka med gudstenesteleiarane etterpå:

Korleis var det å leie ei gudsteneste?

«Det gjekk fint og når vi hadde forberedt oss så var det ikkje noko problem å stå fram for folk og gjere det vi skulle» syns Thea. Olai syns også det var greitt.

Kvifor svara de ja til å gjere det?

Thea tenkte seg om:  «Det er litt gøy på ein måte å vere med. Så er det flott at det er litt variasjon av dei som står på scena i alder – og ikkje berre dei som er over førti».  «Eg hadde ikkje nokon grunn til å seie nei, og då blei det ja. Så er det fint å vere med» meinte Olai.

Korleis det er å vere ung i Misjonsforsamlinga?

Olai synest det er flott.  Thea syns det er fint men at det gjerne skulle vore fleire jenter på hennar alder. Det er mange som er yngre.