I februar fekk me med oss ein ny ungarbeider på laget!!
Endre Espedal vart tilsett som Ungarbeidar i 20% vikariat frå 15.feb 2026, og me er glade for at han frå november blir med oss vidare i 20% fast stilling.
Til vanleg studerer Endre husdyrvitskap i Steinkjer og jobbar som avløysar. Han har og brei erfaring med barne- og ungdomsarbeid gjennom ulike frivillige verv.
Me er takksame for å ha fått Endre med på laget, og han har allereie hatt oppdrag som talar på leir og vore på besøk til ulike barne- og ungdomslag.
Ta godt imot Endre, og ver gjerne med å legg Endre og arbeidet han står i framfor Gud i bøn.