Barn i sola i Sætervika

Inkluderande leirarbeid

Leir er for alle, også dei det vert for dyrt for. Leirfondet er for nettopp dei.

Det nærmar seg sommar! Og det betyr at det nærmar seg leirsesong!

Her i vest vert det arrangert mange leirar gjennom sommaren, for born og unge frå 1.klasse til og med 3.vgs.

Vi vil at alle skal ha moglegheit til å delta på leir.
Difor har vi oppretta eit "LEIRFOND"

Leirfondet har midlar som kan dekkje kostnadar for deltakarar. Kjenner du nokon som vil vere med på leir, men ikkje har økonomi til det? Då er dette for dei. 

Leirfondet har ressursar til å støtte leirdeltaking. Målet er at økonomi ikkje skal hindre unge i å delta på leir.

Det er ENKELT!

Gjeld dette deg? Du treng berre gjere ein ting: 
Send ein kort søknad til vest@nlm.no

Gler oss til å høyre frå dykk!