Barn sitter i sauefjøs og ser på lam

Lammeleir 2026

Midt i den travlaste tida for ein sauebonde opnar ekteparet Himle både hus og fjøs for å arrangere leir nok eit år!

Denne gongen var 18 born frå 1. til 6. klasse samla, og dei fleste hadde køyrt i fleire timar for å kome fram. Vi overnatta i Gäddede i Sverige, og blei kjørt bort til garden til Himle på dagtid. Det blei god tid til å vere med inn i fjøset, i tillegg til bibeltimar, aktivitetar, felles måltid og mykje uteleik.

 

Lammefødsel

Vi var så heldige å få vere med inn i fjøset. Barna blei delte inn i grupper, slik at det ikkje skulle bli for mange inne samstundes. Sauene som skal ha lam treng nemleg fred og ro. Barna var svært flinke til å gå stille inn, og det var stor stas å få klappe og kose med dei fine lamma. Vi fekk til og med sjå lam bli fødde!

 

Redningsaksjon

Under bibeltimane fekk vi høyre om tre ulike redningsaksjonar i Bibelen. På laurdag høyrde vi om då Noah og familien blei redda frå flaumen, og om israelittane som blei redda ved å sjå på koparslangen. På søndag snakka vi om den ultimate redningsaksjonen: at Jesus døydde på krossen for å redde oss. Vi snakka òg om at det er vanleg å tvile på at ein faktisk er redda. Eg trur Noah av og til var redd for om båten var bygd godt nok, og eg trur mange israelittar var usikre då dei først høyrde at ein koparslange skulle redde dei. Likevel hadde både Noah og israelittane eit håp, og dette håpet drog dei mot redninga.

 

Snart 20 år

Under leiren rekna vi oss fram til at det er 19 år sidan denne leiren blei arrangert for første gong. Kanskje vi må få til ei lita jubileumsfeiring neste år? Vi er overvelda over innsatsen og gjestfridomen til Britt-Ellen og Knut-Erik, og takkar for nok ei minnerik og flott helg på Murumoen.