Laurdag 2. mai hadde vi gleda av å ha konfirmasjon for 10 konfirmantar i Sunnfjord.
I Sunnfjord samarbeider Bygstad Indremisjon og Logoskyrkja i Førde om konfirmantopplegget. Dette var 10. året vi har hatt konfirmantar i lag.
Konfirmantane har vore samla ca. annakvar tysdag sidan 2. september. Det har vore både undervisning, sosialt, dei har reist frivillig på Tabu og Crossroad og 10.-12. april hadde vi vår årlege weekend til Salem i Bergen.
Fullt hus
Fem av konfirmantane hadde hovudfesten sin denne dagen, medan dei andre feirar i samband med konfirmasjonsdagen i kyrkja. Vi leigde Sunnfjord Folkehøgskule og samla minst 250 menneske i ein fullsett gymsal.
Konfirmantane framførte hovudpunkta i det vi hadde lært dette året ved at to og to konfirmantar samtalte med kvarandre. Mellom samtalane hadde vi Truvedkjenning, Vår Far, fellessong og fotoshow frå konfirmantåret. Etterpå delte dei kvar sitt bibelvers som dei gjorde til ei bøn inn i sitt eige og i våre liv som var til stades.
Ein av familiane hadde med seg musikarar som hjelpte oss med fellessongen. Trond Kråvik hadde andakt over temaet: Å søke Guds ansikt.
Til slutt var det forbøn for kvar enkelt konfirmant.
Takk og glede
Det var gledeleg å få mange takknemlege tilbakemeldingar etter festen. Vi som har fått vore leiarar dette året, (Unni Lervik, Lars Eirik Aase og Trond Kråvik) kjenner på glede og takk over kvar enkelt konfirmant og det flotte fellesskapet vi har fått ha ilag. Det vert spanande å sjå kva Gud vil fortsette å gjere i desse unge sine liv i tida som ligg føre.