I Samnanger har kyrkja og misjonsforsamlinga felles 17. maifest i fullsatt Sætervika.
Peisestova i Sætervika var fylt av fine folk med bunader, finkjolar og dress. Etter ein grå formiddag, titta sola forsiktig fram over arrangementet som Samnanger Misjonsforsamling hadde i samarbeid med kyrkja i Samnanger. Det var dekka til 112, og det var knapt ledige stolar. Programmet starta kl. 17 med å syngja nasjonalsongen.
To flagg
«...Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud!» Me har verkeleg mykje å takka vår Gud for. Me feirar fridom og kjenner på ei djup takksemd for at me har det trygt og godt i Noreg. Diverre er det ikkje slik i alle land. På scena i peisestova stod det to små flagg, det norske og det ukrainske. Forsamlinga denne dagen bestod av mange av våre ukrainske venner, og vår bønn gjekk til alle pårørande og til alle dei som kjempar for landet sitt. Godt at me kan få legga dei fram for vår gode Gud!
Kaker og leik
Presten i Samnanger, David Vogel, delte fine ord rundt nokre av perlene i Kristuskransen. Etter litt fleire 17. mai-songar var det tid for kahoot. Det var ei engasjert forsamling som diskuterte spørsmåla rundt borda. Takk til iTro for artiklar med mange gode spørsmål om Noreg og 17. mai.
Litt seinare vart det servert rømmegraut og pølser, og etter litt kom det også is og kaker på bordet. Etter maten sat fleire igjen og snakka saman, medan nokon sprang ut for å hoppe på trampolina eller spele fotball i finveret.
Takk til alle som bidrog til ei fin feiring i Sætervika!